SETI@home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjermspararutgåva avSETI@home, versjon 4.45

Seti@home(«SETI at home») er eit prosjekt som leiter etter radiosignal i verdsrommet, noko som kan tyde på at intelligent, utanomjordisk liv prøver å opprette kontakt med jorda. Seti@home nyttar programvara BOINC, som nyttar distribuert databehandling over internett slik at friviljuge kan donere ubrukt datakraft på sine eigne datamaskiner til å leite etter interessante radiosignal.

Prosjektet nyttar Arecibo Observatoriet der ein tar opp 15,5 timar med data som vert sendt i posten til Space Sciences Laboratory, ved University of California, Berkeley som deler opptaka opp i einheiter med data på rundt 107 sekund kvar, desse vert lasta opp på ein internetttenar der klientprogrammet BOINC kan laste ned data, analysera dei, og senda resultatet attende.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]