STS-51-L

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
STS-51-L
STS-51-L.svg
Statistikk
Romferje: Challenger
Rampe: 39B
Oppskyting: 28. januar 1986 11:38am EST
Attende til jorda: (planlagt 3. februar 1986)
Ferdas tid: 1 minutt, 13 sekund (planlagd: 6 dagar)
Rundar rundt jorda: (96 planlagde rundar)
Mannskap
Kommandør: Francis R. Scobee
Pilot: Michael J. Smith
Oppdragsspesialistar: Judith A. Resnik
Ellison S. Onizuka
Ronald E.McNair
Nyttelastspesialistar: Gregory Jarvis
Christa McAuliffe
Challenger flight 51-l crew.jpg
Portrettfoto av mannskapet.
Kronologi
Førre romferd Neste romferd
STS-61-C STS-61-c-patch.png STS-26 Sts-26-patch.png

STS-51-L er namnet på ei romferd med den amerikanske romferja Challenger. Det var den 25. ferda i det amerikanske romferjeprogrammet og den tiande oppskytinga med romferja Challenger. Dette var første gong ein sivilist fekk reise med romferjene. Christa McAuliffe kom frå teacher in space-programmet og skulle driva undervising ute frå verdsrommet.

På denne ferda var det og meininga å utplassere to satellittar: kommunikasjonssatellitten TDRS-2 og SPARTAN-203, som skulle utføyre ultrafiolette observasjonar av Halleys komet. Det var og andre eksperiment planlagde for denne turen.

Romferja Challenger ekploderte under romferd STS-51-L.

Romferja eksploderte eit minutt og 13 sekundar etter oppskyting. Alle dei 7 astronautane om bord omkom. Seinare fann ein at ulykka skuldast ein sviktande o-ring i den høgre bereraketten.

Før ferda hadde Ronald «Ron» McNair arbeida saman med den franske komponisten Jean Michel Jarre om eit stykke kalla «Rendez-vous VI». McNair hadde tatt med seg ein saksofon for å spele inn det første musikkstykket i verdsrommet. Etter katastrofen døypte Jarre om stykket til «Ron's Piece».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Romferder med romferja Challenger
1983: STS-6 | STS-7 | STS-8 | 1984: STS-41-B | STS-41-C | STS-41-G | 1985: STS-51-B | STS-51-F | STS-61-A | 1986: STS-51-L