Saba
Sjå også: oldtidsriket Saba
|
|||||
| Status | nederlandsk oversjøisk territorium | ||||
| Guvernør | Jonathan Johnson | ||||
| Hovudstad | The Bottom | ||||
| Offisielt språk | Nederlandsk, engelsk | ||||
| Areal - % vatn |
13 km² 0 |
||||
| Folketal - totalt |
ca. 1824 (2010) |
||||
| Verdsdel | Nord-Amerika | ||||
| Internet-domene | .an, .nl | ||||
| Tidssone | UTC -4 | ||||
| Internasjonal telefonkode | +599 | ||||
| Nasjonalsong | Saba you rise from the ocean | ||||
Saba er ei nederlandsk vulkansk øy i Karibia.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Øya var tidlegare ein del av eininga dei nederlandske antillane, som vart oppløyst i 2010. Saba er ei lita øy på berre 13 km². Ho er med det den minste eininga som er direkte underlagt Nederland. Det høgaste punktet på øya er vulkanen Mount Scenery, 877 m.o.h. Mount Scenery er det høgaste punktet ikkje berre på Saba, men i heile kongeriket Nederlanda.
Historie [endre]
Arkeologane har funne restar etter indianarar på Saba, men då britiske skipbrotne redda seg i land på øya i 1623, var ho ubusett. Historisk har Saba vore ei omstridt øy mellom Storbritannia, Frankrike og Nederland, men har tilhøyrt Nederland samanhengjande sidan 1816. Av di Storbritannia gjerne sendte "uynskte" personar til dei karibiske øyane, var Saba ei tid kjend for å husa mange piratar.
Samfunn [endre]
Innbyggjarane på Saba i dag har eit svært blanda opphav, med både skotske, nederlandske, irske og afrikanske forfedrar. Dei fleste øybuarane er romersk-katolske. Sabanarane er tospråklege med nederlandsk og engelsk. Øya er vel utbygd med både skular, veg, administrasjonshus, ein liten flyplass og ferje.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Saba frå Engelsk Wikipedia .