Den arabiske halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den arabiske halvøya

Den arabiske halvøya (arabisk شبه الجزيرة العربية šibh al-jazīra al-ʻarabīya) eller berre Arabia er ei ørkendekt halvøy i Sørvest-Asia, mellom Afrika og resten av Asia. Området er ein viktig del av Midtausten og spelar ei særs viktig geopolitisk rolle med store førekomstar av olje og naturgass. I 2008 var det om lag 70 millionar innbyggjarar på Den arabiske halvøya.

Vest for halvøya ligg Raudehavet og Aqababukta, i søraust ligg Arabiahavet (ein del av Det indiske havet) og i nordaust Omanbukta, Hormuzsundet og Persiabukta.

I nord grenser halvøya til den iranske og irakisk fjellkjeda Zagros, eit område med kontinental heving der den arabiske jordskorpeplata møter den asiatiske. Ho glir over i Den syriske ørkenen utan klåre skiljeliner.

Land på Den arabiske halvøya[endre | endre wikiteksten]

Kart over landa på Den arabiske halvøya.

Geografisk inkluderer Den arabiske halvøya delar av Irak og Jordan, men politisk vert grensa rekna for å gå langs den nordlege grensa til Kuwait og Saudi-Arabia. Følgjande land vert rekna som tilhøyrande halvøya:

Bortsett frå Jemen er desse landa (kalla Dei arabiske statane ved Persiabukta) av dei rikaste landa i verda.

Ras Aljinz, søraust i Arabia (Oman), òg kalla «Skjelpaddestranda»

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sandhav i Rub' Al-Khali.
Wadi Shab i Oman

Geologisk er det kanskje meir passande å kalla regionen det arabiske subkontinentet sidan det ligg på ei eiga jordskorpeplate, den arabiske plata, som flyttar seg bort frå Afrika og nordover mot den eurasiske plata og som har danna Raudehavet og Zagrosfjella. Bergartane som stikk opp av jorda varierer systematisk gjennom Arabia. Dei eldste bergartane finn ein i det arabisk-nubiske skjoldet ved Raudehavet under tidlegare sediment som vert yngre jo nærare ein kjem Persiabukta. Den kanskje best bevarte ofiolitten på jorda, Semailofiolitten, ligg eksponert i fjella i Dei sameinte arabiske emirata og nord i Oman.

Halvøya består av:

  1. eit sentralt platå kalla Nejd med frodige dalar og enger som vert nytta til å fore sau og anna buskap.
  2. fleire ørkenar, den steinete Nefudørkenen i nord, Rub' Al-Khali eller Den store arabiske ørkenen i sør med eit opp til 200 meter tjukt sandlag, og mellom dei ligg Dahna.
  3. tørre eller myrlendte kystområde med korallrev ved Raudehavet (Tihamah).
  4. fjellkjeder, hovudsakleg parallelt til Raudehavet i vest (t.d. provinsen Asir) og i søraust (Oman). Den høgaste fjellkjeda er Jabal Al-Nabi Sho'aib i Jemen på 3666 meter over havet.

Arabia har få innsjøar eller permanente elvar. Dei fleste vert drener via kortvarige elvar kalla wadiar, som er tørre bortsett frå i periodar med regn. Det finst mange gamle akvifuger under det meste av halvøya, og der dette vatnet kjem til overflata finst det oasar, som i Al-Hasa og Qatif, to av dei største oasane i verda med jordbruk, særleg palmer som gjer halvøya til den største produsenten av daddelpalmer i verda. Klimaet er ekstremt varmt og tørt og halvøya har ingen skogar, sjølv om ein har vokster som er tilpassa ørkenen i heile regionen.

Eit platå på meir enn 800 meter over havet dekkjer det meste av Den arabiske halvøya. Platået heller austover frå dei bratte skrentane langs kysten av Raudehavet til dei grunne farvatna ved Persiabukta. Dei indre områda er karakterisert ved cuestas og dalar, som vert drener av fleire wadiar. Ein halvmåneforma område med sand og grusørkenar ligg i aust.

Land og hav[endre | endre wikiteksten]

Det er få område på Den arabiske halvøya som høver til jordbruk, så kunstig vatning og landvinning er viktige. Den smale kystsletta og isolerte oasar, som utgjer mindre enn 1 % av det totale landarealet, vert nytta til å dyrke korn, kaffi og eksotisk frukt. Geiter, sauer og kamelar finn ein i dei fleste område.

Det frodige jordsmonnet i Jemen har gjort at det meste av landet er busett frå sjøen og opp til dei 3000 meter høge fjella. I dei høgareliggande områda er det bygd terrassar for å kunne drive jordbruk.

Transport og industri[endre | endre wikiteksten]

Utvinning og raffinering av olje og gass er den største industrinæringa på Den arabiske halvøya. Regionen har òg ein aktiv konstruksjonssektor og mange byar viser rikdomen som oljeindustrien har skapt. Servicesektoren er dominert av finansielle og tekniske institusjonar, som hovudsakleg tener oljeindustrien. I meir landlege område finn ein tradisjonelt handverk som veving av tepper.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Utskore alabasterhovud frå Arabia felix, det sørlege Arabia, frå mellom 200-talet og første hundreåret f.Kr.

I boka si The Real Eve hevdar Stephen Oppenheimer basert på mitokondrisk bevis i samsvar med miljøet på den tida (isbredanning, havnivå) at dei første menneska som forlét Afrika kryssa den praktisk talt tørre sørenden av Raudehavet over til Den arabiske halvøya. Dei reiste langs kysten av halvøya før dei gjekk vidare austover i Sør-Asia.

Fram til forholdsvis nyleg har kunnskapen om Den arabiske halvøya i eldre tider avgrensa seg til det dei greske og romerske forfattarane i antikken og tidlege arabiske geografar skreiv, og mykje av det dei skreiv er upåliteleg. På 1900-talet har derimot arkeologiske funn auka kunnskapen om området.

Dei tidlegaste kjende hendingane i arabisk historie er folkevandringar frå halvøya og inn i nærliggande område.[1] Rundt år 3500 f.Kr. reiste semttisktalande folk frå Arabia til dalane rundt Tigris og Eufrat i Mesopotamia, fortrengde sumerarane og vart assyrar-babylonarar (sjå Babylonia og Assyria). Nokre arkeologar hevdar at ei anna gruppe av semittar reiste frå Arabia rundt 2500 f.Kr. tidleg i bronsealderen og slo seg langs Levanten og blanda seg med dei lokale folkeslaga her. Nokre av desse innflyttarane vart amoritar og kanaanittar. Andre arkeologar hevdar at det ikkje var noko folkevandring påverknaden på folkeslaga i Levanten kom via handel.

Dei høgareliggande områda heilt sørvest på Den arabiske halvøya hadde betre tilgang på vatn og her fanst det tre tidlege kongedøme. Det første, det minaiske, hadde senter i indre område av det som i dag er Jemen, men dekte truleg det meste av det sørlege Arabia. Sjølv om dateringa er vanskelege meiner ein at det minaiske kongedømet eksisterte frå 1200 til 650 f.Kr. Det andre kongedømet, det sabaiske, vart grunnlagd rundt 930 f.Kr. og varte til rundt 115 f.Kr. Det trengde truleg bort det minaiske kongedømet og dekte etter kvart om lag dei same områda. Den sabaiske hovudstaden var Ma’rib og var truleg ein av dei mest velståande byane i Arabia på denne tida, delvis på grunn av caravanerutene mellom hamnene ved Middelhavet og regionen til Hadhramaut som gjekk gjennom byen og delvis fordi ein stor innsjø i nærleiken gav vatn til irrigasjon. Det sabaiske kongedømet vart kalla Saba og det er føreslått at dronninga av Saba, som er nemnd i Bibelen og Koranen og som vitja kong Salomo av Israel i Jerusalem på 900-talet f.Kr., var sabaisk. Himjaritane tok over etter det sabaiske kongedømet sør på Arabia og det himjaritiske kongedømet varte frå rundt 115 f.Kr. til rundt 525 e.Kr. I 24 f.Kr. sende den romerske keisaren Augustus prefekten av Egypt, Aelius Gallus, mot himjaritane, men hæren hans på titusen mann klarte ikkje slå dei og returnerte til Egypt. Himjaritane vart velståande på handel med røykelse, myrra og krydder før romarane opna sjøruter på Raudehavet.

På 200-talet byrja det austafrikanske kristne kongedømet Aksum å blande seg inn i saker sør på Den arabiske halvøya og kontrollerte i periodar mellom anna den vestlege delen av Tihama. På det største strekte Kongedømet Aksum seg over det meste av Jemen og det sørleg og vestlege Saudi-Arabia, før dei vart drive bort av persarane. Ein har funne ein sabaisk inskripsjon som omtalar ein allianse mellom den himjaritiske kongen Shamir Yuhahmid og Aksum under kong `DBH på byrjinga av 200-talet e.Kr. Dei levde side om side med sabaarane ved Raudehavet i mange hundreår.

Ruinane av Siraf, ein legendarisk hamneby i antikken, ligg nord på den iranske kysten av Persiabukta. Persiabukta var ei båtrute mellom Den arabiske halvøya og India for små båtar som kunne halde seg nær land heile vegen.[2] Det er først i seinare år ein har forstått at Siraf var ein svært viktig handelsby i antikken. Her har ein funne lekamar av elfenbein frå Aust-Afrika, steinar frå India og lapis frå Afghanistan. Sirif går heilt tilbake til Partia-epoken.[3]

Det er ein tapt by i ørkenområdet Rub' al Khali kalla Ubar og Thamud. Det er estimert at han varte frå rundt år 3000 f.Kr. til det første hundreåret e.Kr.

Den eldre delen av Sanaa i Jemen

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Sjå Muslimske erobringar, Det arabiske riket og Den muslimske gullalderen

På 600-talet byrja profeten Muhammed preika den nye religionen islam, og den nye religionen spreidde seg raskt på halvøya og utover. Eit veldig arabisk muslimsk rike styrt av kalifar spreidde seg frå Sør-Asia i aust til Nord-Afrika og Den iberiske halvøya i vest.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Oljeboomen i Kuwait omforma Kuwait by frå ein liten by til eit finanssenter.

Kongedømet Saudi-Arabia dekkjer store delar av halvøya. Største delen av innbyggjarane på halvøya lever i Saudi-Arabia og Jemen. Halvøya inneheld dei største førekomstane av olje i verda. I Saudi-Arabia ligg dei to heilagaste byane i islam, Mekka og Medina. Dei sameinte arabiske emirata og Saudi-Arabia er økonomisk dei rikaste landa i regionen. Qatar, ei lita halvøy i Persiabukta på den større halvøya er kjend for den arabiskspråklege fjernsynskanalen Al Jazeera.

I 1990 hevda Saddam Hussein at Kuwait, på grensa til Irak, var ein irakisk provins og invaderte landet under den første Golfkrigen. Landet er viktig strategisk og var ein av dei viktigaste utgangspunkta for koalisjonsstyrkane under invasjonen av Irak i 2003.

Halvøya er eit av mogelege opphavsområde for det ursemittiske språket, forgjengaren for alle semittiske språk i regionen, som vert tala av akkadiarar, arabarar, assyrarar, babylonarar og hebrarar. Språkleg var halvøya opphavsstaden for arabisk språk, som spreidde seg bort frå halvøya saman med islam på byrjinga av 600-talet. Framleis er det små lommer med semittisktalande folk som Mehri og Shehri, restar av språkfamilien tala i tidlege historiske periodar aust for kongedøma Saba og Hadramout.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Philip Khuri Hitti (2002), History of the Arabs, Revised: 10th Edition
  2. The Seas of Sindbad. Vitja 2. juli 2008.
  3. Foreign Experts Talk of Siraf History. Cultural Heritage News Agency. Vitja 2. juli 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den arabiske halvøya