Saeftinghe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Saeftinghe var ein by aust i Zeeuws-Vlaanderen i Nederland, nær Nieuw-Namen, som eksisterte fram til 1584. I dag er området ei myr kalla Verdronken Land van Saeftinghe og ein del av eit naturreservat. Området er ei grense for der elva Schelde møter det salte vatnet frå Nordsjøen i esturaret Westerschelde. Det er eit farleg kystområde der tidvatnet brått kan dekke store landområde.

Saeftinge

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saeftinghe vart drenert på 1200-talet ved hjelp av klosteret Ter Doest. Fram til 1570 var området ein særs frodig polder. Jordbruk, torvbrenning og handel gjorde Saeftinghe til ein av dei mest velståande byane i regionen. Det var i tillegg tre busetnader i nærleiken, Namen, Sint-Laureins og Casuwele.

Det meste av landområde rundt byen gjekk tapt under allehelgensflaumen i 1570 (Allerheiligenvloed). Fire år seinare seinare vart landområda innover til det som i dag er Belgia lagt under vatn, og berre Saeftinghe og nokre omliggande landområde vart verande tørre.

I 1584, under åttiårskrigen, såg nederlandske soldatar seg nøydde til å øydelegge det siste intakte diket og Saeftinghe vart lagt under vatn. Det har vore mange forsøk på å vinne tilbake dei tapte landområda i åra etter. Det mest seriøse forsøket var i 1907, men sjølv då vart berre Hertogin Hedwige-polder oppretta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]