Sai Baba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Sathya Sai Baba
Sai Baba

Sai Baba (ca. 183815. oktober 1918) var ein indisk asket og religiøs lærar. Han hadde tilhengarar både mellom hinduar og sufi-muslimar og er framleis vyrda både som ein sufi-pir og som ein hinduisk guru.

Lite er kjent om Sai Baba sitt tidlege liv. Han er mest knytt til landsbyen Shirdi i vestlege India, der han dukka opp i 1854 då han var om lag 16 år gamal. Det var der han preika frå 1858 heilt fram til han døydde i 1918. Han er difor også kjend som Shirdi Sai Baba, særleg for å skilja han frå ein seinare guru Sathya Sai Baba som tok namnet sitt etter han.

Læra til Sai Baba bygde både på dei hinduiske og sufiske tradisjonane. Han kledde seg som ein sufisk fakir men brukte òg heilag eld som i den hinduiske nath-jogitradisjonen. I preikinga sjølv brukte han både Koranen og hinduiske skrifter, og oppmoda fylgjarane sine til å lesa begge utan omsyn til religionen. Han var motstandar av religiøs dogmatisme og la vekt istaden på andakt, å leva eit moralsk liv og utvikla dygder, å ha tru og tolmod, og å elska alle levande vesen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]