Saltomortale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Salto)
Ein animasjon av ein saltomortale
Salto i gymnastikk
Salto i gymnastikk

Saltomortale eller salto (av italiensk salto, ‘hopp’, og mortale, ‘dødeleg’) er eit hopp der kroppen snurrar rundt sin eigen akse i lufta,[1] med minst 270 grader rotasjon anten framover, bakover eller sidelengs. I løpet av utføringa vil alltid føtene peika oppover. Som regel er satsen frå ståande til ståande, men det finst variasjonar av sats og landing innanfor fleire idrettar.

  • I stuping landar ein som regel med hendene fyrst i vatnet
  • trampoline har ein i tillegg til sats og landing frå ståande også sats og landing frå mage og rygg
  • Innanfor turn kan enkelte saltoar landa i ei rulle

Omgrepet salto blir brukt i mellom anna stuping, trampoline, turn og fristil. I nokre nyare idrettar som snøbrettkjøring, jibbing, freerunning, parkour og tricking bruker ein gjerne omgrepa «frontflip» og «backflip» som synonym for framlengs salto og baklengs salto.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Same kva slags idrett ein utfører ein salto innan, er dei biomekaniske prinsippa dei same. Rotasjonen må bli skapt før føtene har forlate underlaget. Den rotasjonen ein har når ein har forlate bakken vil vera den same heilt til ein landar igjen. Ein kan auka og senka rotasjonsfarten ved å gjera kroppen høvesvis kortare eller lengre.

Sats[endre | endre wikiteksten]

For å skapa rotasjon i satsen må ein påverka kroppen med eit dreiemoment, ei kraft som verkar på sida av omdreiingsaksen. For framlengs og baklengs salto er aksen tverraksen, for sidelengs salto sagitalaksen.

Innanfor idrettar der klassisk stil er ein viktig del av utføringa, som stup, trampoline, turn og aerials, er kroppen som regel heilt strak i satsen, og rotasjon blir skapt anten ved lening, spark med ristene, kraftig armbruk eller ein kombinasjon. For idrettar der klassisk stil har lite å seia, som snøbrett, freerunning, parkour, rullebrett o.l., er hofta og knea som regel bøygde i satsen, og ein kombinasjon av lening, skrått spark med knea og gjerne også armbruk blir brukt for å skapa rotasjon.

Svev[endre | endre wikiteksten]

Ved å auka tregleiksmomentet kan ein senka rotasjonsfarten, og motsett. For stilidrettar blir dette gjort ved å nytta seg av dei fire kroppstillingane kroppert, pikert, puck og strak, og ein har ei tidleg utstrekking, gjerne når saltoen er halvvegs ferdig. For andre idrettar er det ingen definerte reglar for korleis kroppstillinga skal vera, men ho blir som regel endra ved å bøya hofta og knea meir eller mindre.

Landing[endre | endre wikiteksten]

For å landa til full stopp er det viktig at ein sviktar i hofta og knea ved landinga både for å dempa kreftene frå underlaget, og å stansa rotasjonen. For stilidrettar er det også viktig at ein blir ståande, og ikkje mistar balansen eller landinga. For saltoar der hoppet går framover eller bakover, og ein ikkje skal stoppa, kan det vera ein fordel å landa med ein fot framfor den andre. Denne utføringa ser ein innanfor tumbling, parkour, freerunning og andre. For tumbling spesielt når det gjeld baklengs så sviktar ein som regel ikkje i landinga, for å overføra mest mogleg av kreftene til neste hopp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryhn, Rolf (20. februar 2020). «saltomortale». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Saltomortale