Stuping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stuping er ein populær fritidsaktivitet.
Konkurranseutøvar i svikt-stuping.

Stuping er ein sport og ein aktivitet der utøvaren utfører akrobatiske stup eller fall ned i vatn. Stuping som sport er ein internasjonalt godkjent sport som er del av dei olympiske leikane. I tillegg er stuping ei vanleg form for rekreasjon på stadar der symjing er populært.

Stuping ein av dei mest populære olympiske øvingane i tal på tilskodarar. Utøvarane deler mange av dei same eigenskapane som gymnastar: styrke, fleksibilitet og kinestetisk kunne.

Internasjonalt vert det arrangert VM og EM annakvart år.

Disiplinar[endre | endre wikiteksten]

Det vert konkurrert i 1 m svikt, 3 m svikt og tårnstup. I internasjonale meisterskap vert det stupt frå 10 m i tårnstup

Stup vert delt inn i seks ulike grupper:

  1. Framlengse stup: stup med framlengs sats og framlengs rotasjon.
  2. Baklengs stup: stup med baklengs sats og baklengs rotasjon.
  3. Reversert stup: stup med framlengs sats og baklengs rotasjon.
  4. Innoverstup: stup med baklengs sats og framlengs rotasjon
  5. Skrustup: stup med skru, både framlengs, baklengs, reversert, innover og handståande.
  6. Handståande stup (berre tårnstup): framlengs, baklengs, reversert og skru.

Kvar deltakar skal i konkurransar stupe ein serie som på førehand er meldt inn til arrangøren. Denne serien skal avhengig av konkurranseklasse innehalde eit visst tal stup og tilfredsstille visse kriterium.

Ord og uttrykk i stuping[endre | endre wikiteksten]

volt
I stuping er volt ein salto som kan utførast i tre ulike posisjonar:
  • strak posisjon
  • knekk-posisjon
  • kroppert-posisjon
isander
reversert stup (301).
mollbergar
reversert salto.
kroppering
posisjon i salto der både kne og hofte vert bøygd.
knekk
posisjon der hofta blir bøygd og knea er strake.
strak
posisjon der både hofta og knea er strake.
flygande stup
stup der første halve saltoen av stupet vert utført i strak posisjon.
herveli
Frå finsk og betyr 'armar og bein'. 1 1/2 framlengs volt med heil skru (5132D). Namnet stammar truleg frå at dei første som gjennomførte stupet ikkje klarte å halde armer og bein samla.
sugenedslag eller ripp-nedslag
når stuparen entrar vantet utan at det sprutar. Dette er ofte eit symptom på at stupet er 'rett' gjennomført, sjølv om mange stuparar klarer å få til eit ripp-nedslag sjølv etter ein dårleg utgang. Det gjer i alle fall inntrykk på dommarane.