Samurai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samuraiar frå Chosyu-klanen under Boshinkrig-perioden.

Samurai (侍) var ein krigar-aristokrat i det føydale Japan. Ordet «samurai» betyr 'ein som tener',[1] og samuraiane tente som regel ein høgareståande aristokrat, ein daimyo. Ein herrelaus samurai blei kalla ein ronin.

Samuraiane følgde ein æreskodeks, bushido ('riddaren sin veg'),[2] som skildra korleis ein samurai skulle leve og døy. Desse tradisjonane varte lenge etter samuraiane, og var viktige i den japanske hæren heilt til etter andre verdskrigen. Samuraiane mista dei fleste av privilegia sine under Meijirestaurasjonen i 1868.[1]

Den klassiske væpninga for ein samurai var to sverd, det lange katana og det kortare wakizashi, saman kalla daisho. Daisho blei bore i obi, på venstre side av kroppen. Katana var forboden å bere for ikkje-samuraiar.

Sjølv om det ikkje finst samuraiar meir så lever dei vidare som eit symbol for det historiske Japan og for klassisk krigarmoral. Dei blir ofte skildra i filmar, tv-seriar, bøker og teikneseriar både i Japan og i resten av verda. Variantar av stridsteknikkane deira lever vidare i dag som moderne budo-kampsportar som iaido, kendo og judo.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gundersen, Daniel (16. februar 2023). «samurai». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Gundersen, Daniel (13. januar 2023). «bushido». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.