Sandbanke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei tidvassandbanke mellom øyane Waya og Wayasewa på Yasawaøyane på Fiji

Ein sandbanke eller berre ein banke er ei samling av sand, mudder eller grus i sjø, i ein innsjø eller i ei elv. Dei er ofte lange og smale og oppstår der straumar eller havstraumar legg i frå seg avleiringar som lokalt dannar ei grunne i vatnet. Stundom kan sandbankar etter kvart lage innsjøar, der berre sandbanken ligg mellom innsjøen og havet. Dei består vanlegvis av sand, men kan òg bestå av anna granulært material som vatnet kan flytte på, som jord, mudder, grus, småstein, rullesteinar og til og med større steinar. Kor store partiklar ein banke består av er knytt opp til kor store bølgjene er eller kor sterke straumane er for å flytte partiklane.

Ein sandbanke kan vere alt frå eit par meter lang i ei lita elv til fleire hundre kilometer langs kystlinjer, då ofte kalla ei barrièreøy.

For skipsfart utgjer sandbankar den same faren som rev og andre grunner og skip og båtar må derfor unngå dei.

Barrièreøy [endre]

Ei barrièreøy er ei lang og relativt smal øy som ligg parallelt med kysten. Ho er bygd opp av sediment, hovudsakleg sand. Bak barrièreøya, mellom øya og fastlandet, ligg ein lagune eller ei myr der ein ofte finn meir finkorna stoff. Øya fungerer som eit skjold som vernar fastlandet mot å erosjon på grunn av til dømes store bølgjer.

Kjelder [endre]