Banke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein banke er ei undersjøisk vid grunne, som ofte består av laust materiale. Ordet vert òg nytta om havområdet over ei slik grunne, som til dømes i samband med fiskebanker. Grunna kan òg nå over vatn, og dermed vere omgjeve av vatn, som til dømes er tilfellet for enkelte sandbankar. Skråninga frå ein banke og ned mot djuphavet vert kalla ein egg eller ein bakke, og somme stader er det fast berggrunn. Dei fleste bankar er danna av avleiringar som sand og grus, til dømes Dogger Bank og Newfoundlandbanken, medan somme er laga av muslingar, korallar, som Bahamabanken.

Kjelder [endre]