Saturn IB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saturn IB-raketten som vart nytta til AS-202.

Saturn IB var ein amerikansk bererakett som vart nytta i Apollo-programmet. Den var ein oppgradert utgåve av Saturn I-raketten med eit kraftigare trinn to: S-IVB. I motsetning til Saturn I, hadde Saturn IB nok kraft til å sende ein Apollo kommando-/servicemodul og månelandar i bane rundt jorda. Dette gjorde raketten verdifull i testinga av Apollofartøya medan den større Saturn V raketten framleis var under utvikling. Seinare vart Saturn IB brukt til dei bemanna Skylab-ferdene og Apollo-Soyouz-prosjektet.

Data[endre | endre wikiteksten]

Diagram over det første trinnet.
Diagram over det andre trinnet.
Parameter S-IB - Trinn 1 S-IVB - Trinn 2 Instrument Apollo romfartøy
Høgde (m) 25.5 17.8 1.00 24
Diameter (m) 6.6 6.6 6.6 3.9
Totalvekt (kg) 458,107 119,920 1,980 20,788
Tom masse (kg) 45,267 13,311 225 14,098
Motorar åtte Ein - ein
Thrust (kN) 7,582 1,020 - 97.86
Isp (s) 288 421 - 314
Isp (kN·s/kg) 2.82 4.13 - 3.08
Brenntid (s) 150 470 - 635
Drivstoff LOX/RP-1 LOX/LH2 - N2O4/UDMH

Alle oppskytingar med Saturn IB[endre | endre wikiteksten]

Alle dei 9 oppskotne Saturn IB rakettane, frå AS-201 til Apollo Soyuz.


Serienumber Ferd Opkytingsdato Merknadar
AS-201 AS-201 26. februar 1966 Første testferd. Sub-orbital test av ubemanna Kommando/Service-modul.
AS-203 AS-203 5. juli 1966 Andre testferd. Test av SIV-B trinnet. 4 gonger rundt jorda.
AS-202 AS-202 25. august 1966 tredje testferd. Andre sub-orbitale test av ubemanna Kommando/Service Modul.
AS-204 Apollo 5 22. januar 1968 Test av Apollo Lunar Module i bane rundt jorda. 36 rundar rundt jorda.
AS-205 Apollo 7 11. oktober 1968 Første test med astronautar om bord. Mannskap: Schirra, Eisle, Cunningham. 163 rundar rundt jorda. Siste oppskyting frå Cape Canaveral Air Force Station Launch Complex 34. Siste gongen ein nytta Saturn IB i Apollo-programmet.
AS-206 Skylab 2 25. mai 1973 Saturn IB vert nytta til å sende opp astronautane Conrad, Kerwin og Weitz til romstasjonen Skylab. 404 rundar rundt jorda. Første oppskyting frå Launch Pad 39B med eit Saturn V tårn
AS-207 Skylab 3 28. juli 1973 Det andre Skylab-mannskapet: Bean, Garriott, Lousma. 838 rundar rundt jorda.
AS-208 Skylab 4 16. november 1973 Det tredje og siste Skylab-mannskapet: Carr, Gibson, Pogue. 1,214 rundar rundt jorda.
AS-209 Skylab Rescue 1973, 1974 Skylab Redningsferd. Ikkje flydd. Kan sjåast ved Kennedy Space Center med ein modell av eit Apollo-romfartøy. Grunna korrosjonskadar vart det første trinnet og Apollo service modulen bytta ut med fabrikkerte delar i 1993/94.
AS-210 Apollo Soyuz 15. juli 1975 Apollo-Soyuz prosjektet, Mannskap: Stafford, Slayton, Brand. 136 rundar rundt jorda. Siste oppskotne Saturn IB.
AS-211 Ubrukt. Det første trinnet er utstild ved Alabama Welcome Center i Ardmore i Alabama, med eit S-IVB Battleship Test Stage-trinn. Det opphavlege andretrinnet er kan sjåast ved U.S. Space and Rocket Center i Huntsville, Alabama, som ein Skylab-installasjon.
AS-212 Ubrukt. Det andre trinnet vart bygd om for romstasjonen Skylab.
AS-213 Berre første trinnet. Ubrukt
AS-214 Berre første trinnet. Ubrukt

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]