Scripps Institution of Oceanography

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 32°51′56″ N 117°15′13″ W

Kaia ved Scripps Institution of Oceanography.

Scripps Institution of Oceanography, stundom berre kalla Scripps Oceanography eller Scripps, i La Jolla i California er eit av dei eldste og største sentra for havforsking og utdanning innan geovitskap og oseanografi i verda. Hundrevis av forskarar har gjort vitskapleg arbeid med forskingsfartøya og laboratoria til instituttet. Det offentlege utforskingssenteret ved instituttet er Birch Aquarium.

Det vart grunnlagd i 1904 som eit privat biologisk institutt og i 1912 overført til Universitetet i Californa. Det noverande namnet fekk det i 1925. Professor Harald Ulrik Sverdrup var den tredje direktøren ved instituttet, frå 1936 til 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]