Sea Launch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skipet «Sea Launch Commander»
Utskytingsplattforma «Ocean Odyssey»

Sea Launch (på norsk «Sjøoppskyting») er eit internasjonalt, privat konsortium for oppskyting av romfarkostar med hovudbase i Long Beach i California. Sea Launch driv med sattelittoppskyting frå flytande plattformer til havs. Føremonene med flytande oppskytingsplattformer framfor faste basar er at ein kan flytta oppskytingane til den staden som gjev den beste oppskytingsbanen og slik spara drivstoffkostnader.

Sea Launch byrja som eit samarbeid mellom det dåverande norske konsernet Kværner og selskap i Russland, Ukraina og Sambandsstatane. I 2007 eigde Aker Kværner 20 % av Sea Launch, medan amerikanske Boeing Commercial Space eig 40 %. Russiske RKK Energija eig 25 % medan dei resterande 15 % av SDO Yuzhnoye / PO Yuzhmash frå Ukraina. Selskapet er registrert på Caymanøyane.

Oppskytingar[endre | endre wikiteksten]

For å skyte opp satellittane til havs, nyttar ein utskytingsplattforma «Ocean Odyssey», ei ombygd boreplattform, samt kommandoskipet «Sea Launch Commander». Ein nyttar bereraketten Zenit-3SL til å frakte satellittane i bane.

Den første oppskytinga frå Sealaunch var ei testoppskyting av Demosat, ein simulering av ein 4,500 kg komersiell last. Dato for oppskytinga var den 27. mars 1999. Den første kommersielle oppskytinga vart den 9. oktober 1999 for det amerikanske føretaket DirectTV. Den første mislukka oppskytinga vart allereie ved den tredje oppskytinga den 12. mars 2000, då raketten med ein satellitt frå ICO Global Communications feila 8 minutt etter oppskyting. Av i alt 31 kommersielle oppskytingar (2012) har 2 av dei gått gale på eit eller anna vis, medan 1 var ein delvis suksess.

Nummer Dato Last Vekt Kommentar
1 27. mars 1999 DemoSat 4,5 t suksess
2 9. oktober 1999 DIRECTV 1-R 3,5 t suksess
3 12. mars 2000 ICO F-1 2.7 t mislukka
4 28. juli 2000 PAS-9 3,7 t suksess
5 20. oktober 2000 Thuraya-1 5,1 t suksess
6 18. mars 2001 XM-2 ROCK 4,7 t suksess
7 8. mai 2001 XM-1 ROLL 4,7 t suksess
8 15. juni 2002 Galaxy IIIC 4,9 t suksess
9 10. juni 2003 Thuraya-2 5,2 t suksess
10 7. august 2003 EchoStar IX / Telstar 13 4,7 t suksess
11 30. september 2003 Galaxy XIII / Horizons-1 4.1 t suksess
12 10. januar 2004 Telstar 14 / Estrela do Sul 1 4,7 t suksess
13 4. mai 2004 DIRECTV-7S 5,5 t suksess
14 28. juni 2004 Telstar-18 4,8 t delvis suksess
15 1. mars 2005 XM-3 4.7 t suksess
16 26. april 2005 SPACEWAY-1 6,0 t suksess
17 23. juni 2005 Intelsat IA-8 5,5 t suksess
18 8. november 2005 Inmarsat 4-F2 6,0 t suksess
19 15. februar 2006 EchoStar X 4,3 t suksess
20 12. april 2006 JCSAT-9 4,4 t suksess
21 18. juni 2006 Galaxy 16 5,1 t suksess
22 22. august 2006 Koreasat 5 4,9 t suksess
23 30. oktober 2006 XM-4 4,7 t suksess
24 30. januar 2007 NSS-8 5,9 t mislukka
25 15. januar 2007 Thuraya-3 5,2 t suksess


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]