Seigo Narazaki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
楢崎正剛
Seigo Narazaki
Personleg informasjon
Namn Seigo Narazaki
(japansk: 楢崎正剛)
Fødselsdato 15. april 1976
Fødestad Kashiba i Japan
Høgd 186 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Nagoya Grampus
Draktnummer 1
Ungdomsklubb
1989-91
1992-94
Japan Kashibashi Jr. H.S.
Japan Nara Ikuei H.S.
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995-98
1999-
Japan Yokohama Flügels
Japan Nagoya Grampus
104 (0)
307 (0)
Landslag**
2000
1998-
Japan Japan U23
Japan Japan
4 (0)
70 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 4. februar 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 4. februar 2010.

Seigo Narazaki (fødd 15. april 1976) er ein japansk fotballspelar som spelar som keeper for Nagoya Grampus i J-League i Japan, og for det japanske landslaget. Narazaki vart fødd i Kashiba i Kansai-regionen.

Narazaki fekk kontrakt med Yokohama Flügels i 1995, då han var ferdig på vidaregåande skule. Han vart klubben sin førstekeeper den sesongen, og spelte den første kampen sin 16. august 1995, mot Bellmare Hiratsuka. Han var med å vinna den japanske cupen med Flügels i 1998. Då Flügels vart slått saman med den andre Yokohama-klubben Yokohama Marinos i 1999, gjekk Narazaki over til Nagoya Grampus Eight. Med dei vann han den japanske cupen igjen i 1999.

Narazaki debuterte for det japanske landslaget i ein kamp mot Australia 15. februar 1998. Han var med i troppen til fotball-VM i både 1998, 2002 og 2006. I 2002 spelte han alle Japan sine kampar, men i 1998 og 2006 var han reserve for Yoshikatsu Kawaguchi.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 12. mars 2010.