Seikantunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartskisse over tunellen
Tunellopninga på Honshu

Seikantunnelen (青函トンネル, Seikan Tonneru eller 青函隧道, Seikan Zuidō) i Japan er verdas nest lengste jarnbane-tunnel. Han er 53,85 km lang, og var lengst i verda fram til Gotthard-Basetunnelen i Sveits på 57 km opna i 2016. Seikantunnelen går under Tsugaru-stredet, og bind dei japanske øyene Honshu og Hokkaido saman. 23,35 km av tunnelen går under havet. Det djupaste punktet i tunnelen er 240 meter under havoverflata. Jarnbana i tunnelen er den nest djupast liggande jarnbana i verda.

Historie og bygging[endre | endre wikiteksten]

Ein tyfon senka i 1954 fem ferjer i Tsugaru-stredet, og 1430 menneske omkom. Ulukkene førte til krav om eit sikrare samband over stredet, og den japanske regjeringa utreidde planar for ei ferjefritt samband. Det blei meint at ei bru ville bli for usikker i det breie, vêrharde stretet, og det vart bestemt at ein skulle byggje ein jarnbanetunnel mellom øyane.

Det vulkanske fjellet under Tsugaru-stredet var for ustabilt til at tunnelboremaskiner kunne brukast under bygginga av tunnelen, så det meste av tunnelen måtte sprengast med dynamitt. Prøveboring starta i 1964, og sjølve tunnelkonstruksjonen byrja i 1971. Gjennomslaget i tunnelen var i 1983, og tunnelen vart opna for trafikk 13. mars 1988.

Under bygginga av tunnelen i 1976 trefte tunnelbyggjarane eit område med dårleg fjell, og vatn strøymde inn i tunnelen. Det tok over to månader før tunnelbyggarane fekk kontroll over vasstraumen. Heldigvis omkom ingen då dette hende. Til saman 66 menneske omkom i andre ulukker under bygginga av tunnelen.

Tunnelen i dag[endre | endre wikiteksten]

Kvart av dei to jarnbanespora i tunnelen er bygde med plass til tre skjener, slik at både normalspor og smalspor kan brukast. For augeblikket brukar berre smalspora tog tunnelen, men det finst langsiktige planar om også å leggje normalspor i tunnelen og knytte tunnelen saman med shinkansen-nettverket. Dette vil likevel neppe skje før etter 2015. Enkelte «offisielle» kjelder påstår at det allereie ligg normalspora skjenegang i tunnelen, men dette er ikkje rett.

Inne i tunnelen ligg det to stasjonar (Yoshioka-Kaitei stasjon og Tappi-Kaitei stasjon). Begge stasjonane har museum som omhandlar historia til tunnelen og korleis den fungerer.

Det går persontog gjennom Seikantunnelen fleire gongar dagleg, men persontrafikken gjennom tunnelen er likevel relativt liten. Dette kjem av at det er både raskare og billegare å reise mellom Honshu og Hokkaido med fly enn med tog. I dag går det betydeleg fleire godstog enn persontog gjennom tunnelen. [1] Arkivert 2006-01-08 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]