Hokkaido

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg hokkaidohund
Hokkaido
Lokalt namn 北海道, Hokkaidō
Geografi
Stad Aust-Asia

Areal 83 452,47 km²

Høgaste punkt Asahidake (2 290 moh.)

Administrasjon
Land Japan
Største busetnad Sapporo

Demografi
Folketal 5 702 131 (2003)

Hokkaido (ainu Mosir) er den nordlegaste og nest største av dei japanske hovudøyene, og er eit eige prefektur i Japan. Dei tre største byane på Hokkaido er prefekturhovudstaden Sapporo, med 1,9 mill. innbyggjarar (2010), Asahikawa med 356 000 og Hakodate med 288 000 (2008).

Satellittbilde av Hokkaido frå 2001.
Kart over Hokkaido.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hokkaido er verdas 21. største øy, noko mindre enn Irland og noko større enn Hispaniola. Ho dekkjer 22 % av flatevidda til Japan. Ho er rundt 400 km lang frå nord til sør og rundt 450 km brei frå aust til vest. Prefekturet omfattar også fleire mindre øyar, som Rishiri, Okushiri og Rebun, og ifølgje det japanske synet fleire av dei omstridde Kurilane.

Øya har kyst mot Japanhavet, Okhotskhavet og Stillehavet. Ho er skild frå Honshu i sør av Tsugarusundet, men har sidan 1988 hatt vegsamband med sørøya gjennom Seikantunnelen. Over La Pérousundet i nordvest ligg den russiske øya Sakhalin.

Ein femtedel av øya er dyrkbar. Ho står for opp mot ein fjerdedel av dyrkbar mark i Japan, og har det største samanhengande landbruksområdet i landet. Størsteparten av Hokkaido er likevel dekt av fjell og åsar. Tvers over øya, frå nordvest til søraust, går ei fjellkjede kjend som Kitami i nord og Hidaka i sør. Det høgaste fjellet på øya, som ligg om lag midt på henne, er Asahidake (2290 moh.) i vulkangruppa Daisetsuzan.

Øya har mykje seismisk aktivitet, og det finst fleire vulkanar og varme kjelder her. Ein av dei mest aktive vulkanane i Japan, Usu (725 moh.), har hatt fire utbrot sidan 1900. I 1993 førte eit jordskjelv med styrke 7,8 til ein tsunami som øydela Okushiri og drap 202. 25. september 2003 blei eit område like utanfor øya råka av eit jordskjelv med styrke 8,0 på Richter-skalaen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Hokkaido har fuktig kontinentalklima og er kjøligare enn resten av Japan. Gjennomsnittstemperaturen i januar er mellom -12 og -4 °C avhengig av høgd og lengdegrad. Gjennomsnittstemperaturen i august er mellom 17 og 22 °C. Øya blir ofte snødekt om vinteren, og til skilnad frå Japan elles har ho ikkje regntid. Klimaet trekkjer til seg turistar både om sumaren, då øya er god og varm, og om vinteren som vintersportsstad. Drivis og vinterstormar i Okhotskhavet gjer derimot reiser vanskelege på nordkysten av øya om vinteren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hokkaido var opphavleg folkesett av ainuar, nivkhar og orokar for rundt 20 000 år sidan. Dei fleste urfolka har smelta saman med japanarar, men dei finst likevel som ein liten minoritet.

Den japanske koloniseringa av øya byrja for alvor i 1869, då territoriet, då kalla Yezo, blei omdøypt til Hokkaido ('Nordsjødistriktet').

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Landbruk er ein viktig næringsveg på øya, og ein dyrkar mellom anna ris, kveite, soyabønner, sukkerbete, potet, eple og humle. Øya har rundt 22 % av skogen i Japan og har ein god tømmerindustri. Husdyrhald er også viktig, og Hokkaido har stor mjølkeproduksjon. Øya har òg ein stor fiskeflåte, og fiskeforedling er ein viktig industri i kystbyane.

Det blir vunne ut kol, sink og bly og noko mindre kvikksølv, kopar, mangan, gull og sølv på øya. Industrien omfattar produksjon av jern og stål, skipsverft, kjemisk og petrokjemisk industri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Hokkaido» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hokkaido
Spire Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.