Seljefløyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Seljefløyte er eit norsk folkemusikkinstrument, laga av seljebork. Seljefløyta har ikkje fingerhòl, men blåsast både som ope og lukka røyr, då den opne enden av fløyta kan lukkast med ein finger. Seljefløyta har vore ganske utbreidd i Noreg, og synest å ha spela ei viktig rolle i norsk folkemusikk.

Seljefløyta er frå 40 til 80 centimeter lang, og blåseprinsippet er det same som for [blokkfløyta], men den vert halden sida som ei tverrfløyte, og ein bles inn i eit hòl på sida av fløyta. I enden av fløyta er det sett inn ein liten trepropp med ein kanal som leiar luftstraumen fram til kjernespalta der tonen blir danna. Fløyta kan berre lagast om våren når sevja stig opp i selja og gjer det mogleg å løyse borken frå greina. Da seljefløyta heller ikkje kan halde seg lenger enn ei veke eller to (ved å leggje den i vatn), kan ein ikkje bruke den meir enn høgst eit par månadar i året. Moderne seljefløyter blir derfor laga av kunststoff.

Denne artikkelen er omsett frå Wikipedia (bokmål).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Grinde, Nils (1993): Norsk musikkhistorie. Hovedlinjer i norsk musikkliv gjennom 1000 år (sidene 67-69), ISBN 82-91379-00-9