Sendero Luminoso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Sendero Luminoso

Sendero Luminoso, Lysande sti, er ein maoistisk peruansk geriljaorganisasjon. Organisasjonen sitt fulle namn er Partido Comunista del Perú - Sendero Luminoso ('Det kommunistiske partiet i Peru - Lysande sti') (PCP-SL eller berre PCP). Organisasjonen er medlem av den maoistiske Revolutionary Internationalist Movement. Leiaren til Sendero Luminoso heiter Abimael Guzmán. Etter at Guzmán vart fengsla i 1992, har organisasjonen hatt lite aktivitet. Peru, Sambandsstatane og EU ser på dei som ein terrororganisasjon.

Opphavet[endre | endre wikiteksten]

Sendero Luminoso vart danna i slutten av 1960-åra av filosofiprofessoren Abimael Guzmán. Tilhengjarane til Guzmán kallar han «Presidente Gonzalo». Organisasjonen braut ut frå Partido Comunista del Perú — Bandera Roja. Som lærar ved Universidad Nacional de San Cristóbal de Huamanga hadde han eit godt grunnlag for å rekruttera opprørsk ungdom. I byrjinga var organisasjonen ein rein politisk front, som mellom anna stilte til val og fekk kontroll over fleire studentråd. Når dei seinare mista mykje av oppslutnaden i studentråda, valde dei å gå over til andre område enn universiteta.

Folkekrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1980 starta Sendero Luminoso eit væpna opprør i Peru, med base i Ayacucho. Dette var ein såkalla folkekrig etter Mao sin modell, der dei ville erstatta det borgarlege demokratiet med nydemokrati. Dei ville innføra proletariatets diktatur, som skulle gjennomføra ein kulturrevolusjon og inspirera til ein verdsrevolusjon, og meinte at dei då ville oppnå målet om eit kommunistisk samfunn. Utover i 1980-åra fekk Sendero Luminoso kontroll over stadig større delar av Peru, særleg på landsbygda, mellom anna fordi regjeringa gjennomførte upopulære jordreformer. Men brutal framferd mot sivile gjorde at populariteten deira minka etter kvart. Dette gjorde at organisasjonen vedtok å flytta større delar av aktivitetane og organisasjonsapparatet sitt inn til byane mot slutten av 80-talet. Dette gjorde dei sårbare for den nye, harde taktikken til regjeringa. I 1992 var om lag 65 % av Peru kontrollert av Sendero Luminoso. Dette året fekk president Alberto Fujimori vide fullmakter i kampen mot geriljaen. Dei fleste av leiarane vart arresterte og fengsla. Óscar Ramírez, som etterfølgde Guzmán som talsmann for organisasjonen, vart fengsla i 1999.

I kampen mot Sendero Luminoso og MRTA, ein annan geriljaorganisasjon, vart det i 90-åra oppretta særeigne militære domstolar for å dømma folk styresmaktene såg på som «terroristar». Human Rights Watch har hevda at minst 10 % av dei dømde i desse rettssakene, der dommarane hadde hetter over hovudet, var uskuldige[treng kjelde].

Framhald[endre | endre wikiteksten]

I 2000-åra har ein fraksjon av Sendero Luminoso teke opp kampen att. Denne fraksjonen kallar seg Proseguir (framhald). I 2003 gjennomførte dei eit åtak i Ayacucho og tok 68 tilsette i det argentinske selskapet Techint og tre politivakter som gislar. Gislane vart seinare lauslatne etter ein militæraksjon. Fleire terroråtak og kidnappingar har følgd denne, og mange av medlemane har vorte arresterte i politiaksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]