Alberto Fujimori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alberto Fujimori

Alberto Ken'ya Fujimori (アルベルト・ケンヤ・フジモリ Aruberuto Ken'ya Fujimori, (fødd 28. juli 1938), også kjent som Ken'ya Fujimori (藤森 謙也 Fujimori Ken'ya), var president i Peru frå den 28. juli 1990 til den 17. november 2000. Han var den fyrste person av austasiatisk opphav som har vore statsleiar i ein latinamerikansk nasjon, og etter Arthur Chung som var seremoniell president i Guyana, den andre austasiat som var leiar av ein ikkje-asiatisk stat.

Fujimori fekk æra for å ha stabilisert økonomien i Peru etter den omskiftelege tida under Alan García, under styret hans vart det også fred etter årevis med intern strid. Han vart samtidig kritisert for den autoritære leiarskapen sin, spesielt etter det såkalla «auto-kuppet» i 1992. Mot slutten av år 2000 reiste han på eitt APEC møte i Brunei, og fór derfrå til Japan der han kunngjorde at han gjekk av. I oktober 2005 offentleggjorde Fujimori at han ville stille som kandidat ved presidentvalet i april 2006.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Alberto Fujimori vart fødd i Lima av japanske foreldre frå Kumamoto som flytta til Peru i 1934. Foreldra hans søkte det japanske konsulatet om å få halde på den japanske statsborgarskapen til barnet. Alberto Fujimori fekk grunnutdanninga si ved Colegio Nuestra Señora de la Merced, La Rectora, og tok vidare utdanning ved La grand unidad escolar Alfonso Ugarte i Lima. Han heldt fram å studere ved Universidad Nacional Agraria La Molina i 1957 og tok eksamen i 1961, som nummer ein i klassa si. Han underviste så eitt år i matematikk. I 1964 studerte han fysikk ved universitetet i Strasbourg i Frankrike. Med eit stipend studerte han så ved University of Wisconsin i USA der fekk han ein mastergrad i matematikk i 1969. Han fekk ei stilling ved Universidad Nacional Agraria, og i 1984 vart han rektor der, ei stilling han hadde til 1989. I 1987 blei Fujimori leiar for kommisjonen av universitetsrektorar. Han leia eit TV show kalla «Concertando» fra 1987 til 1989 som vart sendt på Perus statseigde kanal 7.

Mot dei fleste odds vann Fujimori presidentvalet i 1990 med eit nytt parti, Cambio 90 («cambio» tyder endring). Han slo den verdskjente forfattaren Mario Vargas Llosa. Han bygde sigeren på misnøya med den sitjande presidenten Alan Garcia.

Fujimori utnytta mistilliten til koplinga mellom Vargas Llosa og dei eksisterande politikarane i Peru og uro knytt til Vargas Llosa sitt kampanjeløfte om liberale økonomiske reformer. Under valkampen vart han med godvilje omtalt som el chino, «kinamannen». Dei fleste observatørar meiner at Fujimori sin japanske bakgrunn var ein fordel for han. Ein stor del av befolkninga i Peru er av indiansk opphav og Fujimori sin japanske bakgrunn gav han distanse til den spanskdominerte politiske eliten.

President i Peru (1990 – 1992)[endre | endre wikiteksten]

I løpet av den fyrste presidentperioden gjennomførte Fujimori ein økonomisk politikk som peruianarane gav kallenamnet «Fujisjokk»; og det hadde lite felles med den populistiske plattforma han vart vald på under slagordet «arbeid, teknologi, ærlegdom». I nært samråd med IMF starta Fujimori store økonomiske reformer, mykje meir enn det motkandidaten hans, Vargas Llosa hadde gjort framlegg om. Reformene fekk Peru tilbake i internasjonal økonomi; i perioden under den førre presidenten Garcia, hadde landet trekt seg tilbake frå økonomisk samarbeid.

Oppmuntra av IMF starta Fujimori ein omfattande privatiseringsprosess, og selde hundrevis av statseigde selskap. «Fujisjokk» gjenreiste makroøkonomisk stabilitet og la grunnlag for eit kortvarig økonomisk oppsving på midten av 1990-talet. Peru gjennomførde store lovendringar for å oppmuntre utanlandske investeringar i olje, gass og gruveindustri. Det blei også gitt lettingar i miljøreguleringar ved nye prosjekt, og det blei gitt løyve til å drive utvinning i område som tidlegare var verna som nasjonalparkar; i Andesfjella og i Amazonas. [1]

1992 «Fuji-kupp»[endre | endre wikiteksten]

Under Fujimori sin fyrste periode blei begge kammer i kongressen kontrollert av partia APRA og FREDEMO, dette bremsa moglegheita til Fujimori for å få gjennom dei lovane han foreslo. Som eit svar på dette gjennomførte han den 5. april 1992 eit kupp mot si eiga regjering, kalla «autogolpe» på spansk, eller «Fuji-kupp».

Fujimori oppløyste kongressen og skreiv ut nyval til en kongressen, «Congreso Constituyente Democrático» (den demokratiske konstitusjonskongressen). Han fekk ein majoritet i denne nye kongressen som deretter la fram utkast til ein ny grunnlov og vedtok han. Han supplerte også dommarstanden og avgrensa borgarlege rettar med nye beredskapslover og portforbod og vedtok spesielle lovar mot terrorisme.

I byrjinga var det lite innanlandsk motstand mot kuppet, stort sett vart det godtatt. Ei meiningsmåling rett etter kuppet tyda på at kuppet hadde oppslutning frå 73 % av befolkninga. Den økonomiske og politiske situasjonen var så dårleg at for dei fleste peruvianarane kunne situasjonen berre gå mot det betre; Fujimori sine djerve økonomiske reformer vart sett på som ein suksess.

Internasjonale reaksjonar til kuppet var likevel negative. Internasjonale finansinstitusjonar utsette planlagde lån, og USA fraus all hjelp til Peru (unntatt humanitær hjelp), det same gjorde Tyskland og Spania. Venezuela braut det diplomatiske sambandet og Argentina kalla tilbake ambassadøren sin. Chile støtta eit argentinsk framlegg om å ekskludere Peru frå Organisasjonen av amerikanske statar. Kuppet såg ut til å true den økonomiske gjenreisingspolitikken og vanskeleggjorde arbeidet med å rydde opp i gjelda til IMF.

Sambandet med USA var vanskeleg allereie før kuppet; Fujimori var mot å inngå ein avtale som ville auke amerikanske og peruanske militære tiltak for å avgrense produksjonen av kokain. Sjølv om Fujimori til slutt underteikna avtalen i 1991, så var forholdet framleis dårleg. Peruanarane såg narkotika primært som eit amerikansk problem og den minste av dei mange bekymringane dei hadde (økonomisk krise, geriljaopprør og koleraepidemiar).

To veker etter kuppet endra likevel Bush-administrasjonen haldninga si og anerkjende Fujimori som Peru sin legitime leiar. USA og OAS var samde om at Fujimori-kuppet hadde vore ekstremt, men ein ønskte ikkje ei vidare negativ utvikling i landet. Kuppet kom òg rett etter at USA og media fokuserte stadig meir på dei negative følgjene av geriljarørsla «Sendero Luminoso». USA sin undersekretær for Latin-Amerika, Bernard Aronson sa følgjande i den amerikanske kongressen:

«Verdsopinionen og internasjonale menneskerettsorganisasjonar må fokusere merksemda til verda på trusselen som «Sendero» er.. Latin-Amerika har sett vald og terror, men ikkje noko på ein skala som det «Sendero» representerer... og ver klår over at om «Sendero» skulle få makta, så vil vi sjå... folkemord.»

Fujimori hevda sjølv at kuppet var naudsynt for å bryte den fastlåste situasjonen som Peru var i etter Garcia sin presidentperiode [2], kritikarar meinte at han ikkje kunne gjennomføre den drastiske liberaliseringa av økonomien med den oppløyste kongressen.

President i Peru 1992–1995[endre | endre wikiteksten]

I valet som blei halde fekk partiet åt Fujimori fleirtal i kongressen. Kongressen erstatta funksjonane til parlamentet for resten av mandatperioden. Somme opposisjonsparti deltok i valet medan andre boikotta det. FREDEMO var no oppløyst og APRA sin leiar, Alan García, var i eksil i Colombia, så Fujimori utnytta høvet til å legitimere stillinga si. Han lyste ut ei folkeavstemming kor eit lite fleirtal av peruanarane sa seg samd i politikken. Både kuppet og konstitusjonen av 1993 var dermed godkjent av folket med ein overvekt på 4-5 prosent.

Utpå hausten, 13. november1993, gjekk det føre seg eit militærkupp som feila. Fujimori blei varsla av den gongen relativt ukjende kaptein Vladimiro Montesinos og søkte førebels skjul i den japanske ambassaden.

I 1994 separerte Fujimori seg frå hustrua, Susana Higuchi (også ho hadde japansk opphav) i ei støyande offentleg skilsmisse. Ho mista tittelen som landets førstedame i august 1994 og Fujimori utnemnde deira eldste dotter som førstedame.

Higuchi erklærte offentleg at Fujimori var ein tyrann, og påstod at administrasjonen hans var korrupt. Ho hevda at store donasjonar som var gjevne av japanske stiftingar var blitt godkjente av hennar tidlegare ektemann og ho skulda òg fleire av familien hans som korrupte. Etter skilsmissa blei ho ein skarp kritikar av Fujimori-administrasjonen. Ho freista sjølv å stille som presidentkandidat, men fekk ikkje lov ettersom det i følgje peruansk lov var forbode for presidenten sin familie å stille.

Andre presidentperiode 1995 – 2000[endre | endre wikiteksten]

Fujimori blei gjenvald som president i april 1995, han vann ein knusande siger over motkandidaten Javier Pérez de Cuéllar, tidlegare generalsekretær i FN; og partiet hans fekk framleis kontroll over kongressen. Ei av dei første handlingane til den nyvalde nasjonalforsamlinga var å utstede amnesti for alle medlemmer av politi og militære styrker som var skulda eller dømt for brot på menneskerettar mellom 1980 og 1995.

Under den andre presidentperioden underskreiv Fujimori ein fredsavtale med Ecuador over ein grensetvist som hadde gått føre seg i nær to hundreår. Avtalen opna for internasjonale midlar for utvikling av grenseregionen. Fujimori avslutta også uløyste saker med Chile, Peru sin nabo i sør; problem som hadde vore uløyst sidan avtalen i Ancón i 1883.

Attvalet av Fujimori blei likevel eit vendepunkt i karrieren hans. Etter fleire år med økonomisk stabilitet og mindre terrorisme begynte peruanarane no å få andre uroar. Menneskerettar, pressefridom og kvaliteten på demokratiet deira. Det blei også meir fokus på det aukande tal på uheiderleg framferd som involverte Fujimori sin sjef for etterrettingstenesten, Vladimiro Montesinos, og som førte til avgangen åt Fujimori i 2000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]