Serafar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seraf frå Hagia Sofia i Istanbul

Serafar er ein kategori englar som er omtalt i det sjette kapitlet av Jesajas bok i Bibelen. Det hebraiske ordet serafim (hebraisk: שרפים) er eit substantiv i fleirtal som er avleidd av verbet saraf som tyder «å brenne».

Serafane er i Jesaja 6:2,6 skildra som åndeskapningar med seks venger som har sin plass omkring Guds kongsstol i himmelen. Serafer tyder bokstaveleg 'dei brennande', så dei utstrålar sannsynlegvis eit brennande lys.

I og med at dei utfører si teneste ved Guds kongsstol, er dei i mellomalderens englekult gjevne ein høg plass i den himmelske rangordninga.

Bibelen seier ikkje noko om talet på serafane. I eit syn som er nedskrive i Jesaja står det at serafane ropte «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom.»