Serge Gainsbourg N°2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
N°2
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Utgjeve 1959
Innspelt 12. mai - 4. juni 1959
Sjanger Jazz, chanson, mambo
Lengd 20:31
Selskap Philips
Produsent Alain Goraguer
Serge Gainsbourg-kronologi
Du chant à la une !
(1958)
N°2 L'étonnant Serge Gainsbourg
(1961)

N°2 er som tittelen seier det andre albumet til Serge Gainsbourg frå 1959.

Som på debutalbumet er det orkesteret til Alain Goraguer som støttar Gainsbourg musikalsk, medan Goraguer sjølv produserte og arrangerte songane.

Musikkstilen til Gainsbourg er framleis jazz, med enkelte andre stilartar som fransk kabaretmusikk og til og med meir latinske stilartar som mambo i «Mambo Miam Miam» og bossa nova i «Indifférente». «Jeunes femmes et vieux messieurs» kan minne om temaet til ein western-fjernsynsserie gjort som ein kabaretsong.

Plateomslaget viser Gainsbourg som sit ved eit bord med ein sigarett i handa. På bordet ligg ein bukett med roser og ein revolver.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Serge Gainsbourg, bortsett frå der anna er nemnd.

  1. «Le claqueur de doigts» (3:06)
  2. «La nuit d'octobre» (3:06) (musikk av Alfred de Musset, tekst av Gainsbourg)
  3. «Adieu, créature !» (2:10)
  4. «L'anthracite» (2:32)
  5. «Mambo miam-miam» (2:33)
  6. «Indifférente» (2:14) (Gainsbourg, Alain Goraguer)
  7. «Jeunes femmes et vieux messieurs» (2:03)
  8. «L'amour à la papa» (2:48)

Bonusspor[endre | endre wikiteksten]

I 2003 kom det ei utgåve av plata med fem bonusspor som alle vart gjeve ut på EPane Romantique '60 eller L'Eau À la Bouche, begge frå 1960.

9. «Cha Cha Cha du Loup» (frå Romantique '60) (1:57) (Gainsbourg, Goraguer)
10. «Sois Belle et Tais-Toi» (frå Romantique '60) (2:00)
11. «Judith» (frå L'Eau À la Bouche og Romantique '60) (2:34) (Gainsbourg, Goraguer)
12. «Laissez-Moi Tranquille» (frå Romantique '60) (1:54)
13. «L' Eau À la Bouche» (frå L'Eau À la Bouche) (2:28) (Gainsbourg, Goraguer)
Serge Gainsbourg
Du chant à la une !Serge Gainsbourg N°2L'étonnant Serge GainsbourgSerge Gainsbourg N° 4Gainsbourg ConfidentielGainsbourg PercussionsAnnaBonnie & ClydeInitials B.B.Jane Birkin/Serge GainsbourgHistoire de Melody NelsonVu de l'ExtérieurRock Around the BunkerL'homme à tête de chouAux armes et cæteraMauvaises nouvelles des étoilesLove On The BeatYou're under arrest
Filmmusikk
Ce Sacré Grand-PèreCannabis
Konsertalbum
Enregistrement public au Théâtre Le PalaceSerge Gainsbourg liveLe Zénith de Gainsbourg
Tilknytta artiklar
Jane BirkinCharlotte GainsbourgFrance Gall