Serge Gainsbourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Serge Gainsbourg
Gainsbourgb.jpg
Verkeleg namn Lucien Ginzburg
Fødd 2. april 1928, Paris i Frankrike
Død 2. mars 1991
Instrument Vokal
Piano
Sjanger Chanson
Jazz
Rock
Pop
Reggae
Aktive år 1957-1991
Yrke Musikar
Låtskrivar
Skodespelar
Tilknytt artistar Jane Birkin
Charlotte Gainsbourg
Plateselskap Universal Music
Nettside Offisiell side

Serge Gainsbourg [sɛʁʒ gɛ̃'zbuʁ] (2. april 19282. mars 1991) var ein fransk musikar, diktar, skodespelar, filmregissør og visesongar. Gainsbourg sin varierte stil og individualitet gjorde han vanskeleg å kategorisere. Han starta med viser og jazz på midten av 1950-talet, men utover 1960- og 1970-åra eksperimenterte han med mange forskjellige stilartar.

Sjølv om han var kjend i Frankrike i mange år nådde han først toppen av albumlista i 1979 med Aux Armes et caetera, meir enn tjue år etter han starta den musikalske karrieren sin. Utover 1980-åra var han ei stor stjerne i Frankrike og var vel så kjend for artistkarrieren som for kontroversielle utsegner og handlingar. Han var likevel ein kjær artist i Frankrike og då han døydde vart det erklært landesorg i landet. I åra etter har han vore for ei legende å rekne i Frankrike.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Gainsbourg vart fødd som Lucien Ginzburg i Paris i Frankrike, son av russisk-jødiske foreldre som flykta til Frankrike etter Den russiske revolusjonen i 1917. Barndomen vart sterkt prega av Nazi-Tyskland sin okkupasjon av Frankrike under den andre verdskrigen og som jødar måtte både han og familien bere den gule stjerna. Til slutt flykta dei frå Paris.

Før han var 30 år gamal var Lucien Ginzburg ein desillusjonert målar, men tente pengar på å spele piano i barar.

Han hadde ei dotter, skodespelaren og musikaren Charlotte, med den engelske songaren og skodespelaren Jane Birkin, og sonen Lucien (meir kjend som Lulu), med den siste partnaren sin, Bambou (Caroline von Paulus, som er i slekt med Friedrich Paulus).

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Gainsbourg studerte kunst og ville bli lærar, men etter kvart byrja han med måling og arbeida som barpianist på den lokale kabaretscenen. Etter kvart vart han ein del av musikaloppsettinga Milord L'Arsoille, der han motvillig hadde ei syngande rolle. Han var på tida beskjeden og klar over sine middelmådige vokale prestasjonar og ville i starten berre jobbe som komponist og produsent, ikkje som musikarar.

Likevel spelte han inn det første albumet sitt i 1958, Du chant à la une ! Dei tidlege songane hans var inspirert av Boris Vian og var i stor grad «gamaldagse» chansons, franske viser. Gainsbourg gjekk derimot raskt vidare og byrja tidleg å eksperimentere med forskjellige musikksjangrar, først jazz, pop i 1960-åra, reggae i 1970-åra, og til og med elektronika og hip hop i 1980-åra.

Mange av songane hans hadde tema med makabre eller seksuelle tvistar. Opningssporet «Le Poinçonneur des Lilas» på debutalbumet hans skildrar ein dag i livet til ein billettkontrollør på Paris Métro som klipper hol i billettane til passasjerane. Gainsbourg skildrar dette arbeidet som så monotont at mannen tenker på å sette eit hol i hovudet sitt og verte gravlagd i eit anna.

Suksessen kom for fullt i 1965 då songen hans «Poupée de cire, poupée de son» vann Eurovision Song Contest for Luxembourg, sunge av den franske tenåringsjenta France Gall.

Den neste songen hans for Gall, «Les Sucettes» («Kjærleik på pinnar»), skapte skandale i Frankrike. Gainsbourg hadde skrive songen med doble tydingar og sterke seksuelle antydingar. Gall, som var 18 år på denne tida, var visstnok ikkje klar over dette og trudde songane handla om ei jente som koste seg med ein kjærleik på pinne, medan han i røynda handla om oralsex. Sjølv om songen var ein stor hit for Gall førte kontroversen til at det tok fleire år før karrieren hennar i Frankrike kom seg på fote att.

Gainsbourg arrangerte og skreiv andre songar og plater for Gall på slutten av 1960-åra som var prega av psykedelia, mellom anna albumet 1968. I 1967 skreiv Gainsbourg songen «Boum Bada Boum» for Monaco i Eurovision Song Contest, sunge av Minouche Barelli. Songen kom på femteplass. Han skreiv òg songar for andre artistar som «Comment Te Dire Adieu» for Françoise Hardy.

I 1967 hadde Gainsbourg hovudrolle i filmen Anna i lag med danske Anna Karina. Gainsbourg lagde òg musikk til albumet der Anna Karina medverka på vokal. På denne tida vart Gainsbourg i større grad involvert i samarbeid med kvinner som i utgangspunktet ikkje var musikarar (og heller ikkje var av dei flinkaste vokalistane). Brigitte Bardot var ei av desse og ho medverka med vokal på fleire singlar og på albumet Initials B.B. frå 1968. Initialane som tittelen viser til er sjølvsagt Brigitte Bardot.

I 1969 gav han ut songen «Je t'aime... moi non plus» med simulerte lydar av ein kvinneleg orgasme. Songen vart opphavleg spelt inn med Bardot, men ho ønskte ikkje at songen skulle ut. Den offisielle utgåva er derfor gjeve ut med den framtidige kona hans, Jane Birkin som han hadde møtt under ei filminnspeling til ein film dei hadde hovudrolla i, på vokal. Songen kom seinare på året ut på albumet Jane Birkin/Serge Gainsbourg. Gainsbourg sjølv kalla det «den ultimate kjærleikssongen», men vart av andre rekna for å vere «for heit» og songen vart sensurert i mange land, og i Frankrike vart sjølv den nedtona utgåva stansa. Vatikanet gjekk offentleg ut og fordømde songen. Singelen nådde likevel 1. plass i fleire land, mellom anna Storbritannia.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Histoire de Melody Nelson kom ut i 1971. Dette konseptalbumet, produsert og arrangert av Jean-Claude Vannier, fortel soga om eit Lolita-aktig forhold der Gainsbourg er forteljaren og Jane Birkin er jenta. Songane er arrangert med strykarar og til og med eit kor i det tragiske klimakset. Då det kom ut selde albumet dårleg, men har i nyare tid vore innflytelsesrikt på artistar som Air, David Holmes og Beck.

I 1973 spelte Gainsbourg inn albumet Vu de l'Extérieur i England med kremmusikarar som Alan Hawkshaw. Albumet består av songar med vakre melodiar og neddempa rock, lett funk og balladar, men med skitne, grisete tekstar om promping, kroppslydar og analsex. Gainsbourg syng tekstane med ei seriøs mine som om det skulle vore vakre kjærleikssongar, og dei britiske musikarane hadde ingen aning om kva han song om.

I 1975 gav han ut albumet Rock Around the Bunker, eit rockealbum som omhandlar nazistane under den andre verdskrigen. Gainsbourg brukte svart humor med songar som «Nazi Rock», «Eva», «Yellow Star» og «SS in Uruguay». Albumet inneheld òg ein versjon av klassikaren «Smoke Gets in Your Eyes», som her brått fekk ei uhyggeleg og ny tyding. Albumet er spelt inn i rock ’n’ roll-stil frå tidleg 1960-åra eller seint på 1950-åra.

Året etter kom L'Homme à tête de chou (Kolhovudmannen) som innførte ein ny figur kalla Marilou og med pompøse orkestertema. Musikalt er albumet det siste Gainsbourg gav ut som er basert på den engelsk rockestilen han hadde nytta sidan slutten av 1960-åra. Seinare gav han ut to reggaealbum på Jamaica (1979 og 1981) og to electrofunk-album i New York City (1984 og 1987).

I 1978 reiste Gainsourg til Jamaica og spelte inn Aux Armes et cetera eit album der tittelsporet er ein reggaeversjon av den franske nasjonalsongen «La Marseillaise» med Robbie Shakespeare, Sly Dunbar og Rita Marley, kona til Bob Marley, som nokre av musikarane. Songen gjorde at Gainsbourg vart truga på livet av høgrevendte veteranar frå Algeriekrigen. Kort tid etter kjøpte Gainsbourg det originale manuskriptet av «La Marseillaise» og svarte kritikarane sine med at versjonen hans var tekstmessig nærmare originalen der manuskriptet tydeleg viste orda «Aux armes et cætera...» i refrenget. Bob Marley vart dessutan rasande då han oppdaga at Gainsbourg let kona hans synge erotiske tekstar.[1]

Gainsbourg spelte inn det andre reggaealbumet, Mauvaises Nouvelles des Etoiles, på Jamaica i 1981.

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

I 1980-åra dukka Gainsbourg stadig opp på fransk fjernsyn, og det enda ofte med kontroversielle episodar og provokasjonar. Ein gong sette han fyr på ein 500 franc-setel (om lag 600 kr) på fjernsyn som ein protest på høge skattar.[2] Han kunne dukke opp full og ubarbert føre kameraet og ein av dei mest kjende episodane skjedde på Michel Drucker sitt direktesendte show, som gjekk på lørdagskveldar. Ei purung Whitney Houston vart gjest samstundes med Gainsbourg då han seier til programleiaren: «I want to fuck her»[1]

I denne perioden gav han ut Love on the Beat, eit kontroversielt elektronisk album med svært seksuelle tema. Her er mellom anna songen «Lemon Incest» som han spelte inn med dottera Charlotte Gainsbourg på vokal, som berre var tolv år gamal. Musikkvideoen som følgde viser ein halvnaken Gainsbourg på ei seng med dottera. Av tekstlinjer i songen finn ein «L'amour que nous ne ferons jamais ensemble/ Est le plus beau le plus violent/ Le plus pur le plus enivrant» («Elskoven vi aldri vil ha med kvarandre/er den vakraste, den mest valdsame / Den reinaste, den mest berusande»). Tittelen på songen er eit ordspel, som Gainsbourg hadde mange av. På fransk tyder tittelen «Inceste de citron», eit ordspel på «un zeste de citron» som tyder «sitronkrydder».

Det siste studioalbumet hans var «You're Under Arrest» der han mellom anna var borti hip hop. I 1990 skreiv han det tredje bidraget til Eurovision Song Contest for Frankrike med «White and Black Blues» sunge av Joëlle Ursull. Songen kom på delt andreplass i lag med Irland.

Filmarbeid[endre | endre wikiteksten]

I løpet av karrieren sin skreiv Gainsbourg filmmusikk til meir enn 40 filmar. I 1996 fekk han ein César Award i kategorien beste filmusikk for Élisa i lag med Zbigniew Preisner og Michel Colombier.

Han regisserte fire filmar: Je t'aime... moi non plus, Équateur, Charlotte For Ever og Stan The Flasher.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Grava til Gainsbourg i Montparnasse Gravplass (han er gravlagd med foreldra sine).

Gainsbourg døydde 2. mars 1991 av eit hjarteattakk og vart gravlagd i Cimetière du Montparnasse i Paris. Under gravferda stod Paris stille og den franske presidenten François Mitterrand sa om han: «Han var vår Baudelaire, vår Apollinaire... han gjorde songen om til kunst»[3] Heimen hans ved 5bis rue de Verneuil er framleis dekt av grafitti og dikt.

Etter Gainsbourg døydde nådde musikk hans eit ikonisk nivå i Frankrike, og særleg tekstane hans vert rekna som glimrande på fransk. Musikken, som kontinuerleg endra seg, dekte mange stilartar: jazz, balladar, mambo, lounge, reggae, pop (inkludert vaksen samtidspop, kitsch pop, yé-yé pop, 80-talspop, pop-art pop, progpop, space-age pop, psykedelisk pop og erotisk pop), disco, calypso, Africana, bossa nova og rock and roll. Mange musikarar, òg utanfor Frankrike, har i aukande grad vorte inspirert av arrangementa hans.

Han vert òg rekna som ein av dei første pop art-kunstnarane innan musikk på slutten av 1960-åra. Medan kunstnarar som Andy Warhol og Roy Lichtenstein utforska den moderne forbrukskulturen gjennom måling, utforska Gainsbourg liknande område i musikken med songar som «Comic Strip», «Ford Mustang» «Qui est In Qui est Out» («Kva er in, kva er ut») og «Teenie Weenie Boppie».

Mange artistar har tolka Gainsbourg sine songar gjennom heile karrieren hans. Ein av artistane som har spelt inn flest utgåver av songane hans er den britiske songaren Petula Clark, som gjorde suksess i Frankrike med songane hans. I 2003 skreiv ho og spelte inn La Chanson de Gainsbourg for å ære komponisten av nokre av dei mestseljande platene hennar.

Lyrikken hans er samla i boka Dernières nouvelles des étoiles.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The Guardian (14. april 2006). Gainsbourg, je t'aime.
  2. The Guardian (5. februar 2003). Serge, mon amour.
  3. The Guardian. The eyes have it.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Mal:Luxembourg i Eurovision Song Contest 1965 Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 1965 Mal:Luxembourgske låtskrivarar i Eurovision Song Contest