Sherwin Wine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sherwin T. Wine (f. 25. januar 1928) er ein rabbinar som først og fremst er kjend som grunnleggjaren av the Society for Humanistic Judaism.

Wine studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske meinigheita — i Detroit i 1963.

Han er ein hovudperson i ei lita gruppe av sekulære og ikkje-teistiske jødar som meiner at reint kulturelle uttrykk for jødedom er ein relevant innfallsvinkel til moderne jødisk identitet og meiner at grupper som står for dette synet bør godtakast på lik line med teistisk jødedom.

The American Humanist Association utpeikte Sherwin T. Wine som «årets humanist» i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]