Shijiazhuang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Shijiazhuang.
Shijiazhuang (raudt) i Hebei (kvitt)

Shijiazhuang (forenkla kinesisk: 石家庄; tradisjonell kinesisk: 石家莊; pinyin: Shíjiāzhuāng) er ein kinesisk by som er hovudstad i provinsen Hebei i Kina. Han er eir byprefektur og dekker eit areal på 15 848 km² og hadde i 2008 eit berekna folketal på 9,6 millionar. Talet på innbyggarar innom bygrensene vart i 2004 berekna til 2 070 000.

Byprefekturet Shijiazhuang omfattar seks distrikt (区 ), fem byfylke (市 shì) og tolv fylke (县 xiàn).

Byen ligg strategisk til på jarnbanelinja som går i sørleg retning frå Beijing, om lag 280 km frå den kinesiske hovudstaden. Han var ein marknadsplass til jarnbanen opna i 1902. Byen vart grunnlagt i 1925, og fekk formell bystatus i 1939 under namnet Shimen (Shímén, 石門). Namnet vart endra til Shijiazhuang i 1947. Han vart hovudstad i provinsen i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


.