Byprefektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Byprefektur (kinesisk 地级市, dìjí shì, 'regionnivå-by') viser til ei administrativ eining i Folkerepublikken Kina. Ho ligg mellom den større provinsen og det mindre fylket.

Det første byprefekturet vart danna den 5. november 1983. Frå byrjinga av 1980-åra har prefekturbyar i stor grad overteke stillinga til dei eldre prefektura. Eit vanleg prefektur må oppfylla fleire kriterium for å få status som byprefektur: Dei må ha eit bymessig område med over 250 000 innbyggjarar, industri med verdiskaping på over 2 billionar yuan, tertiærnæringar som er større enn primærnæringar i området og står for minst 35 % av verdiskapinga, og inntektene til dei lokale styresmaktene må vera på over 200 millionar yuan.

Dei fleste provinsane har hovudsakleg byprefektur på det neste nivået. Av 22 provinsar og fem autonome område i Kina er det berre i tre provinsar (Yunnan, Guizhou, Qinghai) og to autonome regionar (Xinjiang og Tibet) som har fleire enn tre administrative einingar under seg med annan status.

Dei største byprefektura er Baoding i provinsen Hebei, Zhoukou i Henan, Nanyang i Henan og Linyi i Shandong. Alle desse har fleire innbyggarar enn Tianjin, som er den minst folkerike byprovinsen i landet.

Mellom byfylke og byprefektur ligg «lågare byprefektur», eit byfylke med mynde som ligg tett oppunder den til eit byprefektur. Femten store byprefektur er blitt gjevne status som lågare byprovinsar, noko som gjev dei ein god del meir sjølvstyre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]