Shona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shona
Klassifisering: Nigerkongo
 Atlantisk
  Voltakongo
   Benuekongo
    Bantoid
     Sørbantoid
      Bantuspråk
       Sentralt
        Sone S.10
Bruk
Tala i: Flag of Zimbabwe.svg Zimbabwe
Flag of Zambia.svg Zambia
Flag of Botswana.svg Botswana
Shonatalande i alt: 10 759 200[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: sn
ISO 639-2: sna
ISO 639-3: sna
Wikipedia på shona

Shona (shona ChiShona) er eit bantuspråk i nigerkongo-familien. Over 10 millionar menneske i Zimbabwe snakkar dette språket, og dessutan 30 000 i Zambia og 10 000 i Botswana. Folkegruppa som snakkar shona vert kalla shonaer. Shona er saman med ndebele og engelsk offisielt språk i Zimbabwe.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Shona er del av sone S.10 i Malcolm Guthrie si klassifisering av bantuspråk; dette er eit dialektkontinuum av nærskylde språk, mellom dei manyika, nambya og ndau i Zimbabwe og sentrale Mosambik, tawara og tewe i Mosambik og ikalanga i Botswana.

Moderne shona er basert på dialektane til karangafolket i provinsen Masvingo rundt Store Zimbabwe og zezerufolket i nordlege og sentrale Zimbabwe.

Skrift[endre | endre wikiteksten]

Shona har eit skriftspråk med latinske bokstavar. Ortografi og grammatikk vart utarbeidd på 1900-talet og stabilisert på 1950-talet. Den første romanen på shona, Fesol av Solomon Mutswairo, vart utgjeven i 1957. Det vert undervist i shona på skular, men det vert ikkje brukt som undervisningsspråk. Det finst litteratur på shona, og språket er skildra i fleire ordbøker, både eittspråklege og tospråklege (då for det meste shona–engelsk).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Biehler, E. (1950) A Shona dictionary with an outline Shona grammar (revised edition). The Jesuit Fathers.
  • Brauner, Sigmund (1995) A grammatical sketch of Shona : including historical notes. Köln: Rüdiger Koppe.
  • Carter, Hazel (1986) Kuverenga Chishóna: an introductory Shona reader with grammatical sketch (2nd edition). London: SOAS.
  • Doke, Clement M. (1931) Report on the unification of the Shona dialects. Stephen Austin Sons.
  • Mutasa, David (1996) The problems of standardizing spoken dialects: the Shona experience, Language Matters, 27, 79
  • Lafon, Michel (1995), Le shona et les shonas du Zimbabwe, Harmattan éd., Paris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]