Mosambik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republica de Moçambique

(norsk: Mosambik, mosambikisk)

Det mosambikiske flagget Det mosambikiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Pátria Amada»
Geografisk plassering av Mosambik
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Maputo
Styresett
Republikk
Armando Guebuza
Alberto Vaquina
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
799 380 km² (34.)
2,2 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2007)
 – Tettleik
 
23 515 934 (50.)
21 397 000
29,4 /km² (149.)
Sjølvstende
frå Portugal
25. juni 1975
Nasjonaldag 25. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
22 190 mill. USD (120.)
1 000 USD (186.)
Valuta Metical
Tidssone UTC +2
Telefonkode +258
Toppnivådomene .mz


Mosambik er ein stat søraust i Afrika som har grenser til Malawi, Sør-Afrika, Swaziland, Tanzania, Zambia og Zimbabwe og kystline til Mosambikkanalen i det indiske havet. Zambezielva renn gjennom nordlege område av landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste innbyggjarane i Mosambik var sanjegerar og samlarar, forfedrar til khoisan-folka. Mellom det 1. hundreåret og det 4. hundreåret migrerte bølgjer av bantuspråklege folkeslag frå nord gjennom Zambezi-dalen og så gradvis inn på platået og kystområda. Bantuane var jordbrukarar og jernsmedar.

Ilha de Moçambique vart fyrst okkupert av portugisiske oppdagarar seint på 1400-talet.

portugisiske reisande nådde Mosambik i 1498, hadde arabiske handelsbusetnadar eksistert langs kysten og øyane utanfor i fleire hundreår. Frå om lag 1500 vart portugisiske handelsstasjonar og festningar vanlege stoppestader på den nye ruta til austen. Seinare reiste handelsmenn og utforskarar til dei indre regionane på leiting etter gull og slavar. Sjølv om den portugisiske innflytnaden gradvis vart utvida, var makta deira avgrensa og utøvd gjennom individuelle busetjarar som vart gjevne mykje sjølvstyre. Resultatet var at investeringane mangla medan Lisboa konsentrerte seg om den lukrative handelen med India og det fjerne austen og om koloniseringa av Brasil.

Tidleg på 1900-talet hadde portugisarane endra administrasjonen av store delar av Mosambik til store private selskap, som Mosambik-kompaniet, Zambezi-kompaniet og Niassa-kompaniet, kontrollert og finansiert hovudsakleg av briter som etablerte jernbaneliner til dei britiske koloniane i nærleiken og Sør-Afrika. På grunn av at politikken vart laga for å kome kvite busetjarar og det portugisiske heimlandet til gode, vart lita merksemd retta mot den nasjonale integrasjonen i Mosambik, den økonomiske infrastrukturen i landet eller opplæring av folkesetnaden.

Medan mange europeiske nasjonar gav sjølvstende til sine koloniar etter den andre verdskrigen, klamra Portugal seg til konseptet om at Mosambik og andre portugisiske koloniar var provinsar av moderlandet, og emigrasjonen til koloniane bloma. Den portugisiske folkesetnaden i Mosambik ved sjølvstendet var på rundt 250 000. Ynskjet om mosambikisk sjølvstende utvikla seg raskt, og i 1962 skipa fleire antikolonistiske politiske grupper Frente de Libertação de Moçambique (FRELIMO) som sette i gang ein væpna kampanje mot portugisarane sitt kolonistyre i september 1964. Etter ti år med sporadisk krigføring og større politiske endringar i Portugal, vart Mosambik sjølvstendig 25. juni 1975.

Etter det portugisiske statskuppet i april 1974, braut portugisisk kolonialisme saman. I Mosambik kom det ei militær avgjerdsle om å trekkje seg ut i konteksten av eit tiår med væpna antikolonialistisk kamp, fyrst leia av amerikansk-utdanna Eduardo Mondlane som vart myrda i 1969. Då sjølvstendet vart oppnådd i 1975, etablerte leiarane av den militære kampanjen til FRELIMO raskt ein eitpartistat alliert med den sovjetiske blokka og forbaud rivaliserande politisk aktivitet. FRELIMO eliminerte politisk pluralisme, religiøse utdanningsinstitusjoner og rolla til tradisjonelle autoritetar.

Kart over Mosambik

Den nye regjeringa under president Samora Machel gav ly og støtte til sørafrikanske (ANC) og zimbabwiske frigjeringsrørsler (ZANU), medan regjeringane i fyrst Rhodesia og seinare Sør-Afrika under apartheid fostra og finansierte ei væpna opprørsrørsle i sentrale Mosambik. Denne vart kalla Resistência Nacional Moçambicana (RENAMO). Borgarkrig, sabotasje frå nabostatane og økonomisk kollaps karakteriserte det fyrste tiåret med mosambikisk sjølvstende. Ein annan ting som prega denne perioden var masseutvandringa av portugisarar, svak infrastruktur, nasjonalisering og økonomisk vanstyre. I løpet av det meste av borgarkrigen, klarte ikkje regjeringa å utøve effektiv kontroll utanfor dei urbane områda, og mange av dei var avskorne frå hovudstaden. Ein trur at om lag ein million mosambikarar omkom under borgarkrigen, 1,7 millionar flykta til nabostatane og fleire millionar var interne flyktningar.

19. oktober 1986 var Samora Machel på veg tilbake frå eit internasjonalt møte i Malawi i presidenten sitt fly, Tupolev Tu-134 då det krasja i Lebombo-fjella nær Mbuzini. Det var ni overlevande etter krasjet, men president Machel og 24 andre døydde, inkludert ministrar og embetsmenn i den mosambiske regjeringa. Representantar for Sovjetunionen hevda at flyet med vilje vart omdirigert av eit falskt navigasjonssignal. Denne teknologien skal ha vorte gjeven av militære etteretningsoperatørar frå apartheid-regjeringa.

Etterfølgjaren til Machel, Joaquim Chissano, heldt fram reformene og innleia fredsforhandlingar med RENAMO. Den nye grunnlova vart innført i 1990. Denne la grunnlaget for eit fleirpartisystem, marknadsbasert økonomi og frie val. Borgarkrigen slutta i oktober 1992 med den generelle fredsavtalen i Roma. Under overoppsyn av ONUMOZ sine fredsvernande styrkar frå FN, vende freden tilbake til Mosambik.

Før midten av 1995 hadde meir enn 1,7 millionar mosambikiske flyktningar som hadde søkt asyl i nabolanda Malawi, Zimbabwe, Swaziland, Zambia, Tanzania og Sør-Afrika som eit resultat av krig og tørke, vendt tilbake som del av den største tilbakeføringa ein har sett i subsaharisk Afrika. I tillegg vende rundt fire millionar interne flyktningar tilbake til dei opphavlege områda sine.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei sørlege områda av landet strekkjer seg ut av tropane, har heile landet eit typisk tropisk klima. Sumpområda i sør har mykje varmt og lummert vêr i regntida frå desember til mars, og mildt vêr med enkelte regnbyer om vinteren. Maputo har ein normal årsnedbør på 761 mm. Lenger nord kjem regnbyene oftare, og vêret er enno meir klamt. Sofala, som ligg her, har ein normal årsnedbør på 1523 mm. Indre område er derimot tørrare og varmare, særleg Limpopodalen og Teteområdet. Temperaturane her ligg på rundt 35 °C på dagtid i oktober og november før regnet kjem.

Tropiske syklonar går sjeldan inn over landet, men kan stundom gje store nedbørsmengder og flaum frå desember til april.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.