Sic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sic (latin, «slik») er ein merknad som indikerer at ei uvanleg staving eller ein skrivemåte for eit ord, ein frase eller eit sitat skal lesast eller skrivast på nøyaktig den måten det er vist (at det altså ikkje er ein stavefeil), og derfor ikkje skal rettast opp.

Sic kan ha to forskjellige tydingar; anten var stavefeilen gjort frå før av personen ein siterer, men at det ville vere ukorrekt å rette opp feilen, eller at det berre ser ut til å vere ein feil, men faktisk er korrekt. Til dømes, om ein siterer ein person som heiter Sandra Bollock (altså ikkje skodespelaren Sandra Bullock), kan ein skrive «Ein lokal innbyggjar, Sandra Bollock (sic), sa i eit intervju at ...».

Sic kan òg nyttast ironisk, for å føre lesaren si merksemd mot ein dumskap eller på anna vis oppsiktsvekkande opplysning.

Hovudformålet med å bruke ordet er å unngå hyperkorreksjonar, det vil si feilaktige rettingar, som tenkte korreksjonar eller endringar utført i teksten.

Mange trur at «sic» står for det engelske «spelled incorrectly» (stava feil), men det er ei mistyding, sjølv om «sic» ofte vert nytta til å peike ut ein uvanleg eller ukorrekt stavemåte.

Bruk i faste uttrykk[endre | endre wikiteksten]

Ordet sic nyttast òg i ei rekkje faste latinske uttrykk:

  • «Sic transit gloria mundi» («Slik svinner verdas herlegdom»)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]