Ordklassen artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Artikkel har fleire tydingar

Artikkel (tidlegare òg referert til som kjenneord) er ei undergruppe av ordklassen determinativ.[1] I norsk blir ein, ei, eit rekna som artiklar. Artiklane blir brukt til å introdusere nye referentar i samtalen, som i eventyrinnleiinga «det var ein gong ein mann…». I andre språk enn norsk blir dei vidare brukt til å visa til same referenten seinare, som engelsk «the man» eller fransk «la fois».

Artiklar i ulike språk[endre | endre wikiteksten]

Artikkelbruk i europeiske språk.██ artiklar og binding som morfologisk kategori ██ binding som morfologisk kategori, men ikkje artiklar ██ binding som morfologisk kategori, suffiks for både bunden og ubunden form ██ binding som morfologisk kategori, suffiks berre for bunden form ██ ikkje artiklar

I norsk kan artiklar ikkje bli brukt framfor substantiv i bunden form (*ein båten er ugrammatisk). I andre språk er det sanverkad mellom artiklar og binding i større og mindre grad, jf. kart.

Ein finn særleg artiklar i nokre indoeuropeiske språk som engelsk, fransk, tysk og skandinaviske språk, og semittiske språk som arabisk og hebraisk. Språkforskarar reknar med at protoindoeuropeisk ikkje hadde artiklar, ettersom verken latin, persisk, sanskrit eller moderne hindi eller slaviske språk har det.

Artiklar frå dei mest talte språka i verda
Språk Bunden artikkel Ubunden artikkel
arabisk al- (ingen)
engelsk the a, an
tysk der, die, das ein, eine
spansk el, la, los, las un, una
portugisisk o, a, os, as um, uma
fransk le, la, les un, une
partitiv du, de la, des

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]