Sigrun Eng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sigrun Johanne Eng (fødd 5. juni 1951) er ein politikar fødd i Sør-Fron som representerte Buskerud fylke og ArbeidarpartietStortinget i tida 1993-2009.

Eng er utdanna gartnar og blomsterdekoratør, og arbeidde som sjølvstendig næringsdrivande på Gol frå 1978 til -96. Ho var medlem av Gol kommunestyre 1983-91, dei fire siste åra som medlem av formannskapet.

I 1993 vart Eng vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og vart sidan attvald tre gongar. Ho var medlem av næringskomiteen i den fyrste og den siste fireårsperioden ho hadde sete på Stortinget. I dei mellomliggjande åtte åra, 1997-2005, var ho medlem av samferdslekomiteen.

Etter ho forlet Stortinget, dreiv Eng vidare blomsterforretninga si på Gol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]