Silverdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°32′32.514″N 15°45′0.99000″E Silverdalen er ein tettstad i Hultsfreds kommun i Kalmar län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 791 innbyggjarar.

Staden ligg langs jernbanelinja mellom Nässjö og Oskarshamn, og har eigen stasjon. Silverdalen ligg ved Silverån. Silverdalen er vokse saman med Lönneberga.

Silverdalen er ein gammal industristad med framfor alt skogsindustri. Jernbanen blei bygd gjennom bygda i 1874, då det framleis berre eksisterte ei mølle der Silverdalen ligg i dag. Same år blei Hällefors pappersbruk grunnlagt.

I 1931 bytta staden og jernbanestasjonen namn frå Råsa-Lönneberga til Silverdalen. Samfunnet blei hardt råka av at papirprodusanten M-real måtte innstille verksemda i 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Haak, Victor (1874–1969): Sockenbeskrivning över Lönneberga, Vimmerby 1954
  • Lönwe, Hugo (1909–1971): Lönneberga socken. Ett försök till ein hembygdsbeskrivning, utg. Av Lönneberga hembygdsgille 1980
  • Silverdalen. historia om ett småländskt pappersbruk, Uppsala 1944