Simpsons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Simpsons (Originaltittel: The Simpsons) er ein amerikansk animert komedie laga av Matt Groening. Serien blei først send i 1987 som ein del av Tracey Ullman Show, men blei ein

The Simpsons Logo 2009.jpg

eigen serie i 1989. 27. juli 2007 blei figurane sett i ein heilaftans film kalla The Simpsons Movie. Simpsons har vorte svært populær, og er den lengst sende animerte TV-serien i verdshistoria.

Serien handlar om familien Simpson som bur i den amerikanske byen Springfield. Serien spøker stadig med at den ikkje avslører kvar i USA byen ligg, sjølv om det ofte blir hinta om det. Springfield i Vermont, vann konkurransen med tretten andre byar med namnet Springfield om å få ha premiera av The Simpsons Movie.

Groening har inngått ein kontrakt med FOX om å lage serien fram til 2008. FOX er eit selskap som er eigd av mediebaronen Rupert Murdoch.

I Noreg går serien på Viasat 4.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]