Sirene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sirene frå 1985

Ei sirene er eit apparat til å skape kraftige tonar, som regel brukt for å alarmere, til dømes luftvernssirener eller sirener på utrykkingskøyretøy som ambulansar, politibilar eller brannbilar.

Det finst fleire typar sirener. Ein av dei første vart funne opp av Cagniard de Latour i 1819, og består av eit blåserøyr for luft og føre opninga av dette ei skive med hol. Når skiva roterer, blir blåserøret vekselvis lukka og opna slik at den utstrøymande lufta kjem støytvis og med det skapar fortettingar og fortynningar i lufta omkring, det vil sei lyd. Ein meir brukt og sterkare sirene består av ei veifte med vinkelskovler som roterer inne i eit sirenehus med like mange opningar som vinkelskovler.

Nemninga blir òg brukt om kraftige lydggjevarar der ein metallmembran blir sett i svingingar av ein vekselstraumselektromagnet eller trykkluft, ein såkalla tyfon.

Sirener er òg nytta som musikkinstrument, som i Edgard Varese sine Hyperprism (1924), Ionisation (1931), og i hans Poeme Electronique (1958).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]