Brannbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
MAN stigebil i Berlin i Tyskland.

Brannbil er eit køyretøy, ofte ein lastebil, utstyrt for å sløkkja brann. Det finst mange ulike typar. Byar og tettstadar har som oftast eigne brannstasjonar, med eigne brannbilar. Flyplassar har òg eigne brannbilar, som er reie til å rykkja ut ved naudlandingar, eller andre høve der det er fare for brann.

Ulike typar brannbilar[endre | endre wikiteksten]

Stigebil[endre | endre wikiteksten]

Stigebil er ein brannbil utstyrt med ei roterande plattform med ein teleskopisk stige, som vert nytta for å redda folk ned frå taket eller ut gjennom vindauge i brennande bygningar. Dei vert òg nytta for at brannfolka skal koma til å sløkkja høgt oppe på bygningar.

Sprøytebil[endre | endre wikiteksten]

Ein slovensk sprøytebil.

Ein sprøytebil, elle pumpebil, er ein brannbil utstyrt med ei kraftig vasspumpe, som vert nytta for å sprøyta vatn på brennande bygningar, skog, kratt og andre ting som brenn.

Pulverbil[endre | endre wikiteksten]

Ein pulverbil er ein brannbil utstyrt med ein pulvertank og pulversprøyte, nytta for å sløkka brann i brennbare vesker, som bensin og dieselolje. Dei vert òg nytta for å sløkkja brann i motorkøyretøy.

Mannskapsbil[endre | endre wikiteksten]

Ein mannskapsbil er ein brannbil som vert nytta for å transportera brannmannskap og utstyret deira til/frå ein brann. Slike bilar kan vera alt frå minibussar til større bussar.

Kommandobil[endre | endre wikiteksten]

Ein kommandobil er eit køyretøy nytta av den som har kommandoen under ein brann. Dette kan vera ein ombygd personbil eller terrenglimousin.