Site of Special Scientific Interest
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Site of Special Scientific Interest eller SSSI («stad av særskild vitskapleg interesse») er ein status eit verneområde kan ha i Storbritannia. SSSI-området er grunnlaget for stadbasert naturvern etter britisk lov og dei fleste andre naturlege eller geologiske verneområde i Storbritannia er basert på desse, som nasjonale naturreservat, ramsarstader, Special Protection Area (særskild verneområde) og Special Areas of Conservation («særskild bevaringområde»).
SSSI-område kan vidare delast inn i biologiske SSSI og geologiske SSSI. Fleire SSSI-område er både biologiske og geologiske.
I Nord-Irland vert SSSI kalla Area of Special Scientific Interest (ASSI).
Bakgrunnsstoff [endre]
- Walisiske SSSI
- Engelske SSSI
- Skotske SSSI
- Nettside som finn næraste SSSI etter postnummer
- Nordirske ASSI
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Site of Special Scientific Interest» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2010.