Sjøkartnull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjøkartnull er referansenivået for djupner i sjøkarta og for vasshøgdene i tidvasstabellane.

Frå 1. januar 2000 har dei fleste Nordsjølanda innført lågaste astronomiske tidvatn (LAT) som felles referansenivå for djupner i sjøkarta. I område der tidevannsvariasjonane er små jamført med verknaden veret har på vasstanden, kan ein av omsyn til tryggleiken til sjøs leggje sjøkartnull noko lågare enn LAT. På Sørlandskysten og i Oslofjorden kan vasstanden i lange periodar liggje lågare enn LAT, og av den grunnen er sjøkartnull lagt 30 cm lågare enn LAT i indre Oslofjord (innanfor Drøbaksundet), og 20 cm lågare enn LAT langs kysten fra svenskegrensa til Utsira. For resten av Noreg med Svalbard er sjøkartnull lik lågaste astronomiske vasstand.

Ved høgt lufttrykk og frålandsvind kan reell vasstand vere lågare enn sjøkartnull, langs kysten av Vestlandet og Nord-Noreg er det observert vasstand meir enn 40 cm under sjøkartnull.

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]