Sjakkbrikka løpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Løparen kan berre flyttast diagonalt.
Sjakk-
brikker
Chess king icon.png Konge
Chess queen icon.png Dronning
Chess rook icon.png Tårn
Chess bishop icon.png Løpar
Chess knight icon.png Springar
Chess pawn icon.png Bonde


Ein løpar er ei brikke i sjakk. Kvar spelar startar sjakkpartiet med to løparar. I startoppstillinga står dei kvita løparane på felta c1 og f1, og dei svarte på c8 og f8.

Løparane vert gjerne omtala med namn som avspeglar kva felt dei kan gå på, svartfeltsløparen og kvitfeltsløparen.

Det er ingen avgrensing for kor mange felt ein løpar kan flyttast i eitt trekk, men den kan ikkje hoppe over andre brikker.

Sidan løparen sin rørslefridom er avgrensa til 32 av brettet sine 64 felt, vert han rekna som svakare enn tårnet, som har tilgang til samtlege felt. På eit tomt brett herskar eit tårn alltid over fjorten felt, medan ein løpar berre herskar over sju til tretten, avhengig av kor nær sentrum den står. Ein reknar med at eit tårn er verdt om lag to bønder meir enn ein løpar. Løparane har om lag same styrke som springarane.