Skarstad

Koordinatar: 65°2′33.860″N 12°32′20.418″E / 65.04273889°N 12.53900500°E / 65.04273889; 12.53900500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°2′33.860″N 12°32′20.418″E / 65.04273889°N 12.53900500°E / 65.04273889; 12.53900500 Skarstad er ei grend, og namnet på ein gard i Åbygda i Bindal kommune i Nordland. Her bur det ca. 25 personar fordelt på fire gardsbruk med same gardsnummer.

I mellomalderen (katolsk) stod det ei stavkyrkje på eit av gardsbruka. Den vart betjent av ein kapellan som omkom i ei sideelv til Åelva. Sidelva har fått namnet Kapellanselva etter nettopp denne hendinga.