Bindal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bindal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1811
Fylke Nordland
Adm.senter Terråk
Areal 1 262 km²
Folkemengd 1 545 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Petter A. Bjørnli (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.bindal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1811.svg
Bindal kommune på Commons

Bindal kommune er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Kommunen ligg heilt sør i fylket og grensar i nord mot Sømna og Brønnøy, i aust mot Grane, i søraust mot Namsskogan, i sør mot Høylandet og Nærøy, og i vest mot Leka.

Bindal kommune ligg omkring Bindalsfjorden og den ytre delen av Tosenfjorden. Kommunen fekk sine noverande grenser i 1964, då Tosen–Lande-området vart overført til Brønnøy kommune.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto av fjellet Heilhornet. Bak fjellet kan ein sjå fjorden Kjelda.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Folketalet har gått svakt nedover etter den andre verdskrigen. Størstedelen av folkesetnaden bur i den søraustlege delen av Bindal, om lag 550 i tettstaden og kommunesenteret Terråk, som ligg inst i Bindalsfjorden, og om lag 800 på Bindalshalvøya, der særleg det låge Bindalseidet, som går tvers over halvøya, er tett busett. Elles er det mindre bygdesamfunn i dalføret ved Åbygda søraust for Terråk, på øya Austra og dessutan spreidde husklynger på nordaustsida av Bindalsfjorden.

Det høgste fjellet i Bindal er Kjelviktinden (1088 moh.) på grensa mot Brønnøy. Heilhornet (1058 moh.) med sin særprega form ligg på Bindalshalvøya, og det heiter seg at frå toppen kan ein sjå sju kyrkjer. Fjordar og sund stykkar opp kommunen, og Bindalsfjorden og Tosenfjorden deler Bindal i to delar. I vest høyrer den nordaustlege delen av halvøya Austra og ei rekke ikkje busette øyar og skjer med til kommunen.

Fleire av elvane i Bindal er lakseførande, først og fremst Åbjøra. Votnmyra ved grensa i nord mot Brønnøy er verna. I Blindkjølen naturreservat er barskogen verna og det er verneverdig lauvskogsområde ved Reppen. Fleire stader i kommunen finst det jettegryter, mellom anna på Stavøya i Bindalsfjorden.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Fylkesveg 17 går gjennom Bindal langs vestsida av Bindalshalvøya, og er forbunde i nord med ferje frå Holm til Vennesund i Sømna. Frå Årsandøy går fylkesveg 801 til Terråk og det er veg vidare til Åbygda. Frå Kjelleidet tar fylkesveg 802 av mot Austra. Hurtigbåtrute gir Terråk og Bindalseidet samband med fleire av bygdene rundt Bindalsfjorden.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Bindal høyrte opphavleg til Namdalen og Trøndelag. I 1658 vart Trondheim len avstått til Sverige, og ein endra då lensgrensa slik at den nordlege delen av Bindal kunne bergast for Danmark-Noreg. Sjølv om Trondheims len vart gitt tilbake til Danmark-Noreg allereie i 1660, vart den nye lensgrensa ståande.

Ved opprettinga av kommunane den 1. januar 1838 måtte Bindal prestegjeld delast i to kommunar (Nordbindalen og Sørbindalen), sidan dei to delane låg i kvart sitt amt. Dette var likevel ei dårleg løysning, og i 1852 vart amtsgrensa flytta sørover slik at heile Bindal prestegjeld vart liggande i Nordland amt. Dei to kommunane vart deretter slått saman til éin.

I seinare tid har krinsen Lande-Tosbotn vorte ført over frå Bindal til Brønnøy kommune den 1. januar 1964.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet vart godkjent i 1990 og har seks gull naglar samla i rosett mot ein blå bakgrunn. Det er eit gammalt heraldisk motiv som for kommunen symboliserer båtsaum og båtbyggartradisjonar. Talet seks skal referere til talet på skulekrinsar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bindal kommune