Skeise-VM 1954 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1954 for menn vart avvikla i Sapporo i Japan helga 17. og 18. februar 1954. Det var fyrste gongen ein internasjonal meisterskap i skeiseløp fann stad i Asia. 19 utøvarar frå 6 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.

Boris Sjilkov frå Sovjetunionen vart verdsmeister framom tittelforsvararen Oleg Gontsjarenko. Sjilkov presterte bestetid på 1500 m og landsmannen Gontsjarenko på 5 000 m så vel som 10 000 m, medan Jevgenij Grisjin, som vart tredjemann i meisterskapen, gjekk kjappaste 500-meteren.

Skeise-VM 1954[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Boris Sjilkov  Sovjetunionen 197,463
Sølv Oleg Gontsjarenko  Sovjetunionen 198,225
Bronse Jevgenij Grisjin  Sovjetunionen 200,353
4 Sigge Ericsson  Sverige 200,652
5 Dmitrij Sakunenko  Sovjetunionen 200,738
6 Hjalmar Andersen  Noreg 200,933
7 Roald Aas  Noreg 201,173
8 Robert Merkulov  Sovjetunionen 201,220
9 Taketsugu Asazaka  Japan 203,650
10 Ivar Martinsen  Noreg 205,143

Dato: 17./18. februar 1954

Kjelder[endre | endre wikiteksten]