Skeise-VM 1974 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1974 for menn vart avvikla i Inzell i delstaten Bayern i Vest-Tyskland helga 9. og 10. februar 1974. 34 utøvarar frå 18 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Sten Stensen frå Noreg vart verdsmeister, etter å ha fått bestetid på dei to lengste distansane. Masaki Suzuki frå Japan gjekk fortast på 500 meter, medan Hans van Helden frå Nederland vann 1500-meteren.

Skeise-VM 1974[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sten Stensen  Noreg 173,150
Sølv Harm Kuipers  Nederland 173,305
Bronse Göran Claeson  Sverige 174,763
4 Aleksandr Tsygankov  Sovjetunionen 175,019
5 Hans van Helden  Nederland 175,267
6 Jurij Kondakov  Sovjetunionen 175,879
7 Vladimir S. Ivanov  Sovjetunionen 176,136
8 Asle T. Johansen  Noreg 176,341
9 Jan Egil Storholt  Noreg 176,921
10 Piet Kleine  Nederland 177,060

Dato: 9./10. februar 1974

Kjelder[endre | endre wikiteksten]