Skjerva i Vefsn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjerva (på somme kart skrive Skjervo i samsvar med lokal uttale) er ei elv som har sine kjelder i Reinfjellet i Vefsn. Her er Skjervvatnet og Middagstjønna oppdemt for å gje sikker vassforsyning til Elkem sitt aluminiumsverk i Mosjøen. Langvatnet er også oppdemt, her er formålet med reguleringa like så mykje å gje drikkevatn til Mosjøen.

Skjerva renn gjennom Austerbygda før ho møter fjorden og Vefsna ved Bordvedneset. Slik vert byflata for gamle Mosjøen avgrensa av Vefsna i vest og av Skjerva i nord og aust.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet Skjerva skal vere avleia av ordet skòrv, skarv. Tydinga er snauberg eller nake fjell. Skjerva er etter dette elva med skjer, berg og fjell i faret sitt.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]