Skulpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skulper på Judaspengar (Lunaria annua)

Skulpe (latin siliqua, silicula) er ein tørr fruktkapsel i krossblomfamilien og nokre få slekter i valmuefamilien. Skulpene er samasett av to fruktblad med ein falsk skiljevegg i midten.

Når frøa er mogne, fell skulpeveggane av slik at frøa heng på ramma kring skiljeveggen, og frøa kan spreie seg.

Hos nokre plantar er skulpene omdanna til ei nøttskulpe. Det finst òg leddskulper som brotnar av ledd for ledd.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]