Judaspengar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Judaspengar


Judaspengar
Judaspengar

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Slekt: Månefiolslekta Lunaria

L.

Art: L. annua
Vitskapleg namn
Lunaria annua

Judaspengar ( Lunaria annua ) er ein opptil meterhøg, eitt- eller toårig plante av krossblomfamilien.

Han får store, raudfiolette blomstrar, i sjeldne tilfelle vert dei kvite. Blada er hjarteforma, grovt kvasstanna med flattrykte hår. Stengelen har sprikande hår. Blomstrane utviklar store, heilt flate skulper med flate frø. Frøa sit i to rekkjer i kvart av dei to skulperomma. Når frøa er mogne, fell fruktblada av skulpene, og den tynne, pergamentaktige skiljeveggen kjem til synes. Det er denne som har gjeve opphav til namnet Judaspengar eller Måneskulpe. Dei dekorative skulpene har gjort judaspenge til ein ynda prydplante, og frå parkar og hagar er han forvilla slik at han i Noreg har naturalisert seg frå Østfold , nord til Oslo og langs kysten til Bergen.

Planten kjem opphavleg frå Sør-Europa, men finst òg austover i Eurpopa til vestlege Sibir.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Judaspengar

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]