Skybase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skybase er høgda frå bakken til botn av ei sky. Den er vanlegvis uttrykt i meter over jordoverflata, eller det tilsvarande trykknivået i hPa.

Målingar[endre | endre wikiteksten]

Høgda på skybasen kan estimerast ut frå målingar av lufttemperaturen og fukta på overflata. I dag har ein i tillegg moderne autmatiserte instrument som kan måle høgda til skybasen ved eit lasersystem kalla skyhøgdemålar.

Vêr og klima[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste skyer har meir eller mindre same skybase innanfor same luftmasse, fordi dei termodynamiske forholda som avgjer høgda til skybasen stort sett er homogene over store område. Dette er ikkje tilfelle for skytoppar, som kan variere stort frå sky til sky sidan høgda på skya er avhengig av den lokale konveksjonen.

Skyer påverkar strålingsforholda i atmosfæren. I det termale spektralområdet er vatn eit godt absorpsjonsmiddel (og kan dermed òg stråle mykje i følgje Kircchoff si lov om varmestråling). Dermed utvekslar skyer varmestråling mellom basen og jordoverflata under skya ved å absorbere og tilbakestråle infraraud stråling.

Skybasen er ein viktig meteorologisk faktor for luftfartstryggleik, sidan dei avgjer om pilotar må bruke visuelle flygereglar (Visual Flight Rules, VFR) eller må følgje instrument flygereglar (IFR) når dei skal ta av eller lande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Huschke, Ralph E. (1959) Glossary of Meteorology, American Meteorological Society, Boston, Second printing-1970.
  • McIntosh, D. H. (1972) Meteorological Glossary, Her Majesty's Stationery Office, Met. O. 842, A.P. 897, 319 p.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]