Skypumpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skypumpe nær Florida.
Eit par skypumper utanfor Bahamas.

Ei skypumpe er ei kraftig roterande luftsøyle som oppstår over hav og innsjøar. Dei liknar tornadoar og ofte så er dei nettopp det. Skypumper oppstår i samband med cumilforme skyer, og vanlegvis ikkje i samband med superceller som tornadoar oftast gjer.

Forskjellige typar[endre | endre wikiteksten]

Skypumper som blir danna utanom superceller vert kalla «ikkje-tornadiske skypumper», medan dei som oppstår i samband med mesosyklonar i superceller vert kalla «tornadiske skypumper». Dei tornadiske skypumpene er generelt kraftigare enn dei ikkje-tornadiske, og er i praksis berre tornadoar over vatn. Tornadiske skypumper oppstår på same måte som vanlege tornadoar.

Dei ikkje-tornadiske skypumpene oppstår vanlegvis i kystområde i samband med konvektive skyer i utvikling. Dei er vanlegvis av F0 styrke på Fujitaskalaen med vind mindre enn 30 m/s og kan ofte samanliknast med tromber på land. Skypumper oppstår oftast i område med tropisk klima, men kan òg oppstå i meir tempererte område av verda. Her til lands er dei å sjå kvar sommar langs Norskekysten.

For å få danna ikkje-tornadiske skypumper treng ein ustabile atmosfæreforhold som skapar stigande luftrørsler. I tillegg må ein ha forskjellig vindretning i to forskjellige luftlag, slik at lufta får ein rotasjon. Skypumper kan oppstå langt inne i fjordar, sannsynlegvis på grunn av at vinden blir tvinga inn eller ut fjorden nær overflata, medan det i høgda over fjorden og fjella er ei anna vindretning. I Hardangerfjorden oppstår det årleg skypumper i august-september, og då kan det gjerne stå fleire på rekke og rad.

Mange trur at skypumper trekk vatn opp frå sjøen og inn i skya, men i røynda er det lite vatn i trakta. Ofte kan det derimot kvervlast opp vatn i dei nedste delane av skypumpa. Den synlege delen av skypumpa oppstår derimot av vassdamp som kondenserer til små skydropar på grunn av svært lågt trykk i skypumpa.

Når ei skypumpe er i ferd med å oppstå er ofte det først teiknet ein skugge i form av krusningar på vassoverflata. Når ei skypumpe er fullt utvikla flyttar den seg som regel sakte langs ein krum bane, og varar sjeldan meir enn eit kvarter før kjøligare luft blir pumpa opp i kvervelen og den løyser seg opp.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Frank W. Lane, The Elements Rage, Vol. 2: Fire and Water, (London: Sphere Books Ltd., 1968) pp. 17–24.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skypumpe