Slashdoteffekten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slashdot-relaterte emne

Slashdot-subkultur
Slashdot si historie
Slashdoteffekten
CmdrTaco
CowboyNeal
Anonymous coward
Slashdot-trolling
Trollprat
SlashCode

Slashdoteffekten er eit særskilt døme på korleis ein populær nettstad kan gje lågare tempo på, eller avstenging av mindre nettstadar berre ved å sørgje for ei dramatisk auke i talet på vitjande brukarar. Den høge auken i nettrafikk kjem grunna omtale på Slashdot, ein populær nettstad med nyhende og informasjon om teknologi. Ofte er mindre robuste nettstader ute av stand til å takle den enorme trafikkauken og vert utilgjengeleg, anten fordi overføringskapasiteten er for liten eller fordi tenaren ikkje klarar å handtere trafikken.

Lenkjer frå andre populære nettstader kan gje liknande problem som slashdoteffekten, sjå trafikkoverlast.

Grunnen til slashdoteffekten[endre | endre wikiteksten]

Slashdot er ein serie av korte oppsummeringar av artiklar og sjølvmodererte diskusjonar kring kvar historie. Som ein respons på historiene, sjekkar store mengder lesarar dei refererte nettstadene samstundes. Den resulterande flaumen av sidespørjingar, ofte kalla slashdotting, går ofte over grensa til kva tenaren er sett opp til å kunne handtere. Dette gjer nettstaden slashdotta og for mange vitjande er sida utilgjengeleg ei periode, og dersom kapasiteten til nettstaden har vorte broten kan det ta endå lengre tid. Noko større tenarar vil kanskje berre vise effekten med eit mindre ytingstap. Slashdotta (en Slashdotted) vert av og til forkorta som /.ed.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Større nettstader for nyhende eller store selskap er som oftast ikkje råka av slashdoteffekten då dei har vorte designa for å kunne servere store mengder med spørjingar. Dei typiske offera er mindre nettstader som til dømes er lagra på heimetenarar eller som har store bilet- eller filmfiler. Desse nettstadene vert ofte utilgjengeleg berre minutt etter at artikkelen vert posta på Slashdot, til og med før det har vorte posta nokre kommentarar. Ved nokre tilfelle har betalande slashdotabonnentar, som har tilgang til artiklane før resten av brukarane, gjort sida utilgjengeleg allereie før artikkelen er tilgjengeleg for den alminnelege brukarbasen.

Få eksakte tal [4][5] [6] finnast om dei nøyaktige storleikane rundt slashdoteffekten, men estimat tyder på at ein på toppen kan ha alt frå fleire hundre til fleire tusen treff per minutt. Flaumen er stort sett på toppen medan artikkelen er øvst på Slashdot si framside og vert gradvis mindre etterkvart som nyare historier dukkar opp. Trafikken er vanlegvis høgare enn normalt så lenge artikkelen er på framsida, noko som kan ta frå 12 til 18 timar etter postinga. Likevel, enkelte ting kan gå sakte endå lenger. Dette kjem an på kor mange som postar kommentarar, og for ekstra interessante artiklar kan diskusjonen vare mykje lenger enn den tida historia er på framsida. Postinga der slashdotgrunnleggjar Rob Malda fridde [1] og annonseringa av kjeldekodelekkasjar frå Windows 2000 og Windows NT 4 [2] er døme på artiklar med svært høg aktivitet.

Nettsamfunn[endre | endre wikiteksten]

Dersom den råka nettstaden har ein samfunnsbasert struktur, kan slashdoteffekten òg brukast om større grupper nye brukarar som brått dukkar opp og deltek i samfunnet. I nokre tilfelle har dette vore sett på som ein god ting, spesielt for prosjekt som gjerne vil ha nye brukarar, i andre tilfelle har originale medlemmer sett ned på dette. Grunnen til dette er at dei voldsomme mengdene med nye brukarar kan ta med seg uønskte aspekt ved Slashdot, slik som trolling, hærverk og nykomaroppførsel (sjå også Slashdot-trolling).

Spegling[endre | endre wikiteksten]

Slashdot speglar ikkje nettstadene som dei lenkjer til på sine egne tenarar, og Slashdot har heller ikkje godkjent slike løysingar. (Likevel, slike løysingar finnast, sjå lenger ned). Slashdot er ein kommersiell nettstad som har skaffa seg eit namn ved å liste opp interessante nettstader og historier på framsida si, og som nemnt ovanfor kan dette føre til meir trafikk enn dei nemnde nettstadene var klare for eller i det heile teke ynskte.

Speglinga av innhald kan vere eit brot på kopieringsrettane, og i mange tilfelle føre til tapte annonseinntekter for den råka nettstaden. Spørsmåla rundt det juridiske er ein av hovudgrunnane til at ein ikkje speglar innhaldet. Ein kan også argumentere med at det å spør om lov til å lenkje er mot ånda til Internett.

Assistanse og vern[endre | endre wikiteksten]

Ein måte hjelpe mindre nettstader som er slashdotta, er å bruke Coral, eit P2P Internettbuffer [3] designa på New York University. Dette vil senke talet på reelle vitjingar til nettstaden dramatisk, og redusere lasten på tenaren.

MirrorDot er eit system som automatisk speglar alle Slashdot-lenka sider og syrgjer for at innhaldet er tilgjengeleg, sjølv når den originale nettstaden er nede.

Sannsynlegvis grunna slashdoteffekten, blokkerer Mozilla Project sin Bugzilla (bøgghandterar) Slashdot frå å lenkje til seg. Dersom ein klikkar på ei lenkje frå Slashdot til Bugzilla, får ein denne feilmeldinga:

Sorry, links to Bugzilla from Slashdot are disabled.

Tittelen på denne feilmeldingssida er «Ook!».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]