Slektsnamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kinesiske slektsnamnet Li er det vanlegaste i verda.

Slektsnamn eller familienamn er den delen av ein person sitt namn som er felles for slekta hans. I Noreg og dei fleste vestleg land kjem slektsnamnet sist, etter førenamn og mellomnamn, og blir derfor som regel bruka synonymt med etternamn. Andre stader, særleg i Asia, er det vanleg å ha slektsnamnet først.

Det har vore ein tradisjon mange stader i Vesten, og er framleis vanleg mange stader, at kvinnene tek slektsnamnet til mannen når dei giftar seg. Det etternamnet kvinnene hadde før dei gifta seg, vert gjerne kalla «jentenamn» eller «pikenavn». I dag vel mange å ikkje skifte slektsnamn i det heile når dei giftar seg, nokre kvinner tek slektsnamnet til mannen, men har framleis det gamle slektsnamnet som mellomnamn, og i nokre tilfelle tek mannen og kvinna kvarandre sitt slektsnamn og slår dei i lag til eit nytt «bindestreknamn».

Bruk av slektsnamn i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I gammal tid var det berre nokre få norske slektar som hadde slektsnamn. Slektsnamn vart først og fremst bruka blant borgarlege familiar. Etter namnelova av 1923 vart det i Noreg påbode med slektsnamn. Som slektsnamn kunne ein bruke opphavlege slektsnamn (av typen Falk, Tanke, Winther), ein kunne bruke gardsnamn eller bruksnamn (av typen Mo, Li, Haugen) eller ein kunne bruke opphavlege patronym (som Hanssen, Bjørnson). Ein har òg kunne få godkjent nylaga namn. Denne retten er ytterlegare liberalisert ved namnelova av 2002.

Om ein vil ta eit nytt slektsnamn, så kan ein velje nesten heilt fritt, så lenge ikkje færre enn 200 personar i Noreg frå før brukar det same etternamnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]