Smog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
London var tidlegare kjent for smog, og den blir ofte brukt for å skape tidsriktig stemning under filminspelingar

Smog er ei form for luftforureining — ordet er eit teleskopord sett saman av dei engelske orda smoke (røyk) og fog (tåke). Ordet blei første gong brukt av Dr. Henry Antoine Des Voeux i samband med ein helsekongress i 1905.

London har vore kjent for smog heilt sidan romartida. Sjølv i mellomalderen var folk uroa over luftforureininga i byen, og Edvard I la ned forbod mot brenning av kol i ein kortare periode i 1273. Klassisk smog, som vi kjenner igjen frå filmar frå victoriatida, var ei blanding av røyk og svoveldioksid.

1950-talet blei ein ny type smog, kjent som fotokjemisk smog, først skildra. Dette er ein skadeleg blanding av luftforureinande stoff som nitrogenoksid, aldehyd m.fl.

Denne type smog kjem av ein reaksjon mellom sollys og utslepp frå menneske. Fotokjemisk smog er eit problem i store byar, men fordi det kan bli frakta med vind kan det også ramme mindre busette område. I utgangspunktet kan smog bli danna i alle slags klima så lenge det er store utslepp frå til dømes industri eller trafikk. Det ser likevel ut som at smogdanninga er verst på varme dagar, særleg dersom dei øvre luftlaga er så varme at vertikal sirkulasjon blir hindra. Smog finn ein òg hyppigare i byar som ligg i ei «gryteform» med fjell rundt.